Høyrselskontaktar | |||||
Oppdatert: 03.10.2019 14:46 | |||||
Generelt | |||||
Omtale Høyrselskontaktane i kommunen har ansvar for å kartlegga dagleglivet ditt, med fokus på høyrselstapet. Heimebesøk, samtale og vegleiing til både deg og dine pårørande, samt utprøving av høyrselshjelpemiddel kan vera aktuelt. Ved behov bistår høyrselskontaktane deg med å søkja eller bestilla naudsynte hjelpemiddel. I tillegg kan høyrselskontaktane henvisa til andre instansar, t.d NAV Hjelpemiddelsentral. Høyrselskontaktane har ansvar for opplæring, tilpassing og oppfølging av høyrselshjelpemiddel, samt syta for service, reparasjon og retur av utstyret. Har du behov for oppfølging i bruk av høyreapparat, kan du også ta kontakt med høyrselskontaktane, eller med dei som har levert utstyret. Elles har likemenn i HLF (Hørselshemmedes Landsforbund), i samarbeid med Frivilligsentralen, samling ca ein gong i månaden, både i Etne og Skånevik. Der kan folk møta opp og få hjelp til vedlikehald av høyrapparat. I Etne er samlingane på «ståvo», og i Skånevik er det på omsorgssenteret. Etne kommune har ein hovudhøyrselskontakt, samt høyrselskontaktar i Pleie-og Omsorgstenesta. Mottek du tenester frå Pleie-og Omsorgstenesta, som heimehjelp, heimesjukepleie eller institusjonsplass, er det høyrselskontakane i denne tenesta du fortrinnsvis forheld deg til. Hovudhøyrselskontakten har ansvar for alle andre. Ynskjer du å prøva ut høyrselstekniske hjelpemiddel, kan du også ta direkte kontakt med Syns-og Audiopedagogisk teneste: https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/synsog-audiopedagogisk-tjeneste/9049 . | |||||
Målgruppe Personar med nedsett høyrsel, dvs høyrselshemma, døve og døvblinde. | |||||
Kriterium/vilkår Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. | |||||
Samarbeidspartnarar Den kommunale helsetenesta forøvrig, Syns-og audiopedagogisk teneste i Bergen, NAV Hjelpemiddelsentral, Øyane Asvo A/S, likemenn i HLF | |||||
Regelverk | |||||
Lover folketrygdlova pasient- og brukerrettighetsloven Forskrifter Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Ta kontakt med høyrselskontakt, som vil bistå, evt vegleia deg vidare. Du, eller pårørande, kan ta kontakt ved å senda inn søknadsskjema, skriva mail eller ringja. Det vil bli vurdert om heimebesøk er hensiktsmessig, eller om du skal møta til ein konsultasjon. | |||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | |||||
Klagemulighet Dersom du meiner du ikkje får naudsynt hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ynskjer. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2019-10-03 14:46 |