Corona2

Hytteforbodet er oppheva frå 20. april

Etne kommune held seg til nasjonale retningsliner og det vil seie at hytteforbodet vert oppheva frå 20.04.20.

17.04.20: Framleis gjeld tilrådinga om å ikkje utføre unødvendige fritidsreiser til annan bu- og arbeidsmarknadsregion enn der ein bur. Her lokalt er heile Haugalandet (Karmøy, Bokn, Haugesund, Tysvær, Sveio, Etne og Vindafjord) og Ullensvang rekna som same bu- og arbeidsmarknadsregion.

For dei som skal på hytta er tilrådingane:

  • Det bør ikkje vera meir enn 5 personar samla i gruppe. Dette gjeld ikkje personar som lever saman til vanlig.
  • Når ein er saman med andre bør ein halde ein fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjeld ikkje personar i same husstand.
  • Ved akutte luftvegsplagar så ber kommunane om at ein reiser tilbake til heimkommunen.

 

Overnatting på hytte i Etne kommune

Publisert 20.03.20

Forbod mot opphald på fritidseigedom

Etne kommune følgjer sentral forskrift om karantene, isolasjon og forbud mot opphold på fritidseiendommar mv. i anledning utbrudd av Covid-19.

Dette betyr at det ikkje er lov å overnatte på hytte i annan kommune enn den kommunen ein bur i.

Sjå forskrift: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-15-294

Tips ein ven  Skriv ut