water-pump-1207706-m

Ikkje Etne museum i denne omgang

Interimstyret i Etne museum avsluttar sitt arbeid med forstudie om mogleg etablering av Etne museum.

Interimstyret i Etne museum avsluttar sitt arbeid med forstudie om mogleg etablering av Etne museum pr 24.10.13 med følgjande konklusjon:

Det har sidan 2007 vore gjennomført fleire møter og samla inn pengar til arbeidet, både frå det offentlege og næringslivet.

Interimstyret har m.a. hatt kontakt med Hordaland fylkeskommune ved fylkeskultursjefen og Sunnhordland museum om etablering av nytt Etne museum.

Gjennom den nasjonale museumsstrukturen er det museale arbeidet i Etne kommune p.t. innordna regionsmuseet Sunnhordland museum.

Konklusjonen er at det ikkje er interesse og rom for ei slik nyetablering pr. d.d.

 

Interimstyret for Etne museum disponerer følgjande midlar frå arbeidet med forstudiet: Kr. 42.842,-.

Interimstyret overfører kr 20.000,- av desse midlane til etablering av drift ved Etne lokalhistoriske arkiv.

Restkapitalen vert overført til disposisjon for Etne sogelag.

 

Etne, den 24.10.13

Einride Aakra, Jørund Flesland, Annbjørg Bue, Nils Ramsvik, Nils Halleland

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut