Du er her: Heim Ledig stilling

Ledige stillingar i Etne kommune

Du må vere logga inn som brukar for å kunne søkje:

  1. Gå til oversikta over ledige stillingar
  2. Vel aktuell stilling og deretter "Søk på stilling".
  3. Om du er tilsett, vel "Gløymt brukarnamn/passord" (oppe i høgre hjørne), skriv inn e-postadressa og vel send. Du vil da få passord sendt til deg på e-post.
  4. Logg inn med brukarnamn og passord.
  5. Har du ikkje brukarnamn og passord frå før, kan du velje "Registrer søkjar".
  6. Har du gløymd brukarnamn/passord, vel "Gløymd brukarnamn/passord" (oppe i høgre hjørne).
Sjå oversikt over ledige stillingar her
 
Registrer/endre CV
  1. Gå til oversikta over ledige stillingar, logg inn med brukarnamn og passord (oppe i høgre hjørne).
  2. Vel "Meg sjølv". Her kan du endre informasjon om personalia, pårørande, cv m.m..
 
Assistanse?
Dersom du trenger hjelp til å søkje stilling elektronisk, kan du ta kontakt med Tenestetorget på telefon 53 75 80 00.
Me ser fram til å få deg med på laget -  velkommen som søkjar i Etne kommune.

 

 

Karrieresenteret i Sunnhordland

birgit_elin.jpg  Birgit E. Olsen Bratseth og Elin K. Haukanes er karriererettleiarar ved Karriererettleiingssenteret på Stord i regi av Hordaland Fylkeskommune. Senteret skal tene alle dei 8 sunnhordlandskommunane.

 

Karriererettleiing for nye moglegheiter

I dei tilfella der ein skal gjera viktige karriereval, som til dømes velja høgare utdanning, eller skifta jobb av ulike årsakar, opplever mange at ein samtale med ein profesjonell karriererettleiar kan bidra til refleksjon, ny innsikt og større handlingsrom.

Vi har erfart at vi kan gjera ein viktig forskjell for menneske når dei skal sjå etter nye moglegheiter, og utforska nye val.

Vi hjelper gjerne når du

  • Må eller vil finna ny jobb
  • Skal søkja etter ny jobb
  • Tykkjer det er vanskeleg å orientera deg i arbeidsmarknad, eller utdanningssystem
  • Er på kva du kan bruka kompetansen din til
  • Har mista motivasjon i høve til jobb eller utdanning
  • Skal du søkja høgare utdanning, eller vidareutdanne deg
  • Treng påfyll av ny kompetanse, men er usikker på kvar og korleis du skal gjera det?

Motto

Ditt val Din veg.jpg

Du bestiller enkelt time hos oss på: www.karrieresunnhordland.no

Fyll ut bestillingsskjema, så får du tilbod om første ledige time hos oss.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut