Du er her: Heim Natur og næring Landbruk
lam_450x335_450x335

Landbruk

Utviklingsavdelinga har i oppgåve å handsama saker som gjeld landbruksforvaltning.

Har du spørsmål kan du kontakte Annbjørg Bue tlf 53 75 82 60 eller Reidar Rødne tlf 53 75 82 61.

LANDBRUKET I TAL
Etne er ein av dei største landbrukskommunane i Hordaland med 27 446 dekar jordbruksareal i drift. Produktivt skogareal er på 85 405 dekar.
I 2010 var det registrert 208 jordbruksbedrifter i Etne kor av 165 var med husdyr. Det var i 2010 registrert 1044 mjølkekyr, 633 mjølkegeiter og 949 avlssvin.
I statistikkbanken til Statistisk sentralbyrå finn du fleire tal for jordbruket i kommunen. Sjå Strukturen i jordbruk og Landbruksteljing

Tilskott til Særskilte miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap (SMIL)
Etne kommune har vedtatt følgjande tiltaksstrategi for tilskotsordninga SMIL i perioden 2012 - 2014.: Strategi

LANDBRUKSPLAN
Landbruksplan for kommunen finn du her

SKOGBRUKSPLAN
Skogbruksplan for kommunen finn du her
 

ETNE AVLØYSARLAG
Etne avløysarlag har tilbod om landbruksvikar og kan kontaktast gjennom Tore Aga Silde og Eivind Frette.

Tore Aga Silde
Landbruksvikar
Mob: 915 45 088

Eivind Frette
Styreleiar
Mob: 908 95 249

VETERINÆRORDNINGA I ETNE
Veterinærane i Etne er:
Helge V. Haaland
Håvard Kambo
Maien Munthe-Kaas
Dei har kontortid mellom klokka 8.30 og 10.00 måndag til fredag på Bygdesenteret. Inngang mot meieriet. 
Felles vakttelefonnummer er 53756682. Vakttelefonen er open heile døgeret heile året. Utanom kontortid vil du bli møtt av ein telefonsvarar med informasjon om telefonnummeret til dyrlegen som er på vakt.

HAUGALAND LANDBRUKSRÅDGJEVING
Haugaland landbruksrådgjeving tilbyr rådgjeving til gardbrukarar i Etne og 7 andre kommunar i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Dei har om lag 900 medlemer. Fagområda deira er grovfordyrking, bærproduksjon og maskinsamarbeid. Dei arrangerer kurs og fagmøte, og er ein viktig samarbeidspartnar for landbruket på Haugalandet. Dei har to kontor, i Haugesund og Ølen og 5 tilsette. Les meir om kva dei kan tilby her:

ETBALERING AV NAUDNUMMER VED AKUTT BEHOV FOR AVLØYSARHJELP
Føremålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet skal ha tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller skade. I 2008 vart det difor starta opp ei utvida landsdekkande landbruksvikarordning som er administrert av Norges avløysarlag og finansiert over jordbruksavtalen.
I juni 2011 etablerte avløysarlaget Landbrukstenester Hordaland eit nytt naudnummer til bruk ved akutte avløysarbehov. Bøndene i 18 kommunar i fylket kan alle dagar året rundt ringe naudnummeret 07052 og få hjelp med dyrestellet frå kvalifiserte avløysarar. Den nye ordninga skal bidra til å gi bøndene tryggleik for at dei skal vere garantert hjelp ved akutte problem.  

SKOGEIGARANE SIN TILGANG TIL SKOGFONDSYSTEMET
Heimesida www.skogfond.no gir nyttig informasjon om skogfondsordninga. Der kan du også sjekke saldoen på skogfondkontoen din

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut