Kulturskule

Jone og Sunniva des.2017.jpg
 

Lyst å lære deg eit instrument, bli skodespelar eller biletkunstnar?

Då har me i Etne kulturskule plass til deg – uansett alder! Her får du opplæring i instrument, lyd og data, teikning/maling og drama. Undervisninga føregår etter skuletid på Skakkesenteret i Etne og på Skånevik skule. Gjennom skuleåret deltar elevane på større og mindre konsertar  og utstillingar, og dramagruppa pleier ha teateroppsetjing om våren.

Me har dedikerte og dyktige lærarar som gler seg til å ta i mot de! Du melder deg på for eitt skuleår. Prisen for 2018 er kr 1370 – 1630 per elev per semester, rabatt ved fleire søsken. I tillegg kjem kostnader til materiell, noter og liknande. Du kan også leiga instrument.

Velkommen til oss. Frist for påmelding og eventuell utmeldinga er 1. mai.

Meir informasjon om dei ulike tilboda og påmelding finn du her https://noetne.speedadmin.dk/tilmelding#/CourseList

Du som alt er elev, treng ikkje søkja for å halda fram neste skuleår, men må gi skriftleg melding via linken over innan 1. mai  dersom du ønskjer å slutta.

 
Påmelding/utmelding

Påmelding: noetne.speedadmin.dk
Spørsmål kan rettast til:
morten.odeen@etne.kommune.no, mob 908 80 677
kultur@etne.kommune.no, tlf 53 75 81 24

Kulturskulen har følgjande tilbod:
  • Instrumentopplæring
    - Piano
    - Keyboard
    - Fiolin
    - Gitar
    - Bass
    - Slagverk
    - Kornett og andre messinginstrument
  • Lyd og data
  • Bildande kunst (teikning/maling)
  • Drama
  • Korps (dirigent Etne skulekorps)
Kulturskulen har instrument til utleige
Fiolinane er i ulike storleikar og tilpassa elevane.
Vidare har me fløyter, klarinettar, gitarar, trekkspel.
 
Elev- og undervisningsinstruks
  • Undervisningsåret i kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.
  • Elevplassen gjeld heile skuleåret
  • Dersom ein må vera borte frå undervisninga, skal heimen freista å gje læraren melding
  • Ein treng ikkje søkja for å halda fram i eit nytt skuleår, men ein skal gje skriftleg melding innan 1. mai når ein vil slutta.
  • Føresett skal attestera all korrespondanse som elevplass, oppmøte, ny søknad og oppseiing
  • Eleven skal møta presis og vel budd til undervisninga.
  • Ved samanhengande fråvær over lengre periode, 3 - 4 undervisningstimar, utan gyldig grunn, kan ein miste retten til elevplassen
  • Eleven lyt hjelpa til med å halda ro og orden når han/ho møter til time. Dette gjeld òg for gangane og skuleplassen.
  • Konsertdeltaking, framføringar og utstillingar er ein integrert og naturleg del av kulturskulen sitt totale tilbod.
  • Elevpengane vert kvart år fastsett av kommunestyret. Kommunen sender ut innbetalingsblankett på semesterkontingent mot slutten av undervisningshalvåret.
  • Etne kulturskule tek atterhald om at det kan komme endringar i personalsituasjon og timeplanar gjennom skuleåret eller i overgang til nytt år.
  • Det vert ikkje gjeve frådrag for timar som eleven ikkje nyttar, og læraren er ikkje pliktig til å ta att slike timar. Ved sjukdom over lengre tid og ved fråflytting, vil rektor vurdera reduksjon i kontingenten.
  • Elevar som sluttar i skuleåret av andre grunnar, lyt betala full kontingent.
  • Notemateriell og dyrare arbeidsmateriell som eleven får bruk for, lyt han betala sjølv.
  • Elevplass på drama- og bildande kunst-tilbodet, medfører gebyr for bruk av forbruksmateriell.
  • Dei som leiger eit instrument frå kulturskulen, pliktar å ta godt vare på det.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut