Etne Kommunestyre 2015 - 2019

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ og har all avgjerdsmynde som er lagt til kommunen, med mindre mynde ved delegasjon eller særlov er lagt til eit anna organ. Kommunestyret har i fig. Kommunelova § 6 primærkompetanse i plansaker, og skal vedta kommuneplanen sin arealdel, samt reguleringsplaner. Denne kompetansen kan ikkje delegerast, jfr. pbI § 8, men kan løftast opp til departementsnivå dersom det kjem motsegner til planane frå instansar med motsegnkompetanse.

Kommunestyret har vidare i kraft av sin overordna stilling ( med visse avgrensingar) instruksjonsmynde overfor det faste planutvalet.

Når det gjeld reguleringsplanar er instruksjonsmyndet særskilt nemnt i pbl § 27-1 annet punktum. Kommunestyret kan ta initiativ til eit konkret regulerings¬arbeid for eit bestemt område, og under dette gje planutvalet konkret pålegg om arbeid for eit bestemt område, og under dette gje planutvalet konkret pålegg om arealbruken. Kommunestyret kan vidare instruera planutvalet til å leggja ned mellombels forbod for eit bestemt område. Slike instruksar vil vera bindande for utvalet, slik at dei plikter å setja i gong sakshandsaminga for å etterkoma pålegget. Det vil vera brot på tenesteplikta å lata vera, eller gjera noko anna.

Når det gjeld saker der det faste utvalet for plansaker har primærkompetanse direkte etter lova, kan ikkje kommunestyret blanda seg inn i handsaminga av ein einskild sak med instruks om utfallet, eller sjølv overta handsaminga. Men kommunestyret kan gje generelle retningsliner for det faste utvalet si handsaming av einskildsaker slik at utvalet sine skjønnsmessige avgjersler har ei grunnhaldning som kommunestyret er samd i.

Medlemmer

Navn Funksjon Representerer Telefon Mobil
Mette Heide Bergsvåg Ekrheim Ordførar Senterpartiet 53 75 80 05 480 06 560
Kenneth Lyng Karlsen Varaordførar Framstegspartiet   913 36 664
Siri Klokkerstuen Gruppeleiar Arbeiderpartiet   908 80 659
Tollef Rullestad   Arbeiderpartiet   415 38 478
Kari Aakra Gruppeleiar Senterpartiet   971 88 516
Liv Kaldheim   Senterpartiet   922 29 591
Anita Larsen   Senterpartiet   975 88 639
Ståle Tungesvik   Senterpartiet   993 21 153
Inga Rullestad   Senterpartiet   902 46 940
Andreas Aune   Senterpartiet   481 83 239
Kristin Golf   Venstre   416 28 503
Renate Sævareid   Framstegspartiet   924 10 486
Trude Enge   Framstegspartiet   915 34 920
Johannes Kringlebotten Gruppeleiar Framstegspartiet   960 15 584 
Knut Erik Ebne Gruppeleiar Kristleg folkeparti   906 80 791
Kari Johansson   Kristleg folkeparti   975 78 186
Lars Olav Bergsvåg Gruppeleiar Høgre   415 66 055

 

Oversikt medlem og varamedlem

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut