Hellerisningar

Hellerisningar Bruteigsteinen på Flåte
Hellerisningar Bruteigsteinen på Flåte

Hellerisningar (og kalla bergkunst) er bilete av menneske, dyr, gjenstandar og symbol av geometrisk eller meir abstrakt art som er hogd, skore, slipt eller malt på bergflater eller steinblokker. Ofte ligg lokalitetane opent i dagen.

Ein deler hellerisingane i to hovudgrupper: Veiderisningar, og jordbruksrisningane. Veiderisningane har sitt utgangspunkt i jegerane si kulturform i steinalderen, medan jordbruksrisningane som har sin bakgrunn i bonden og bronsealdersmenneska si tru og kunnskap, tankar og kjensler.

Etnebygda er rik på hellerisningar og ikkje noko anna bygd i Hordaland har så mange og rike figurfelt. Her kan nemnast: Bruteigsteinen på Flåte, Duesteinen på Vinja, Helgaberget på Stødle og Fjøsnaberget. På Bruteigsteinen finn me eit særs rikt og variert biletfelt med i alt 68 figurar. Her har jorda vore dyrka heilt attende til bronsealderen (1800 f.Kr.- 500 f.Kr.), og det er bronsealderen sine biletuttrykk me møter her. Bergbileta har sitt opphav i jordbrukskulturen for 3000 år sidan, og har truleg vore ein del av ein kultus for sol og grøderikdom. Tidleg på våren nådde solstrålane ned i dalen og trefte Bruteigsteinen på ny etter vinteren. Bruteigsteinen er eit døme på jordbruksrisningar.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut