Grindheim kyrkje

Grindheim kyrkje
Grindheim kyrkje

Grindheim kyrkje er bygd i 1728, men alt i 1326 er kyrkja nemnd første gongen.

Opphavleg var ho ei stavkyrkje med eit frittståande klokketårn. Men denne opphavlege kyrkja vart øydelagt av storm og uver slik at den stod heilt til nedfalls og vart riven i samband med at ny kyrkje vart bygd i 1728. Då kyrkja vart riven og bygd opp att var ho i privat eige. Etter den gamle stavkyrkja er det funne nokre gamle tretavler der det var måla apostelbilete, skriftord og andre dekorasjonar. Desse ligg nå lagra på bjelkane over galleriet inne i kyrkja. Frå gamlekyrkja finn me og vakkert smedarbeid på eit par av dørene i kyrkja. Noko av dette minnar om smedarbeid på stavkyrkjer i Telemark.

Utanfor kyrkja står ein steinkross frå fyrste kristnetida. Det er rimeleg å tru at krossen var ein samlingsstad til gudsteneste før det vart bygd kyrkje. Steinkrossen stod så passeleg nær kyrkja at den vart tatt i bruk til gapestokk og vart brukt til dette fram til ordninga med den type kyrkjetukt vart avskaffa i 1848.

Ved nordre kyrkjevegg står det ein runestein. Frå gamalt stod steinen på ein gravhaug nær kyrkja, men så fann dei ut at den høvde godt som avslutningsstein på kyrkjemuren. Runeinnskrifta er rita inn på eine smalsida, og oversett står det skrive: "Tormod reiste steinen etter Tormod Sviande, far sin". På eine breisida er det hogd inn ein kross.

Karl Grindheim fann for mange år sidan to vokslys på kyrkjegardsmuren. Dei hadde lege inni alterbordet, men var blitt kasta ut. Lysa var brekte og nokså skada. Begge lysa er nå restaurert (1971) og utstilt i kyrkja i eit glasmonter. Restaureringsrapporten seier om det største lyset: "Lyset er støypt i bivoks, har vakker gul farge, med ein blomsterengel som er teikna oppetter heile lyset, og ein vakker tulipan i toppen. I nedste del er det stempla inn 8 stjerner". Slike vokslys var svært dyre og var sikkert tenkt brukt til ei kyrkjehøgtid. Frå gamalt var 8-talet dåpens og oppståas tal og dette er truleg grunn for at 8 stjerner er stempla inn.

Av ting som er tatt vare på i Grindheimskyrkja er og eit timeglas. Det har nydeleg grønfarge med luftblærer. Glaset stod på preikestolen til kontroll og påminning for at presten ikkje skulle preika meir enn ein time.

Den eine kyrkjeklokka er frå 1628 og har denne innskrifta: "I guds nam flaut eg. Mikkel Linni støypte meg året 1628". Den andre var litt mindre og hadde denne innskrifta på latin: " Soli deo gloria 1751 (Gud åleine vere med deg). Denne klokka klovna ei julehelg kring 1920 og vart seld til Bergen Museum. I staden fekk kyrkja ei ny klokke som har denne innskrifta: "Land, land, land, høyr Herrens ord".

Først i 1915 fekk kyrkja altertavle. Ho er måla av kunstmålar Samuel Tveit frå Sauda, som ætta frå Etne. Altertavla framstellar korsfestinga.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut