Sæbøtunet

Sæbøtunet Etne sentrum
Sæbøtunet Etne sentrum
Sæbøtunet
Sæbøtunet

Sæbøtunet var gardstunet for Sæbøgarden like fram til 1938, då tunet vart seld til Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Noko av det s†rmerkte med dette bygdemuseet er at husa på tunet framleis står slik dei har gjort i generasjonar.

Sæbøtunet
Sæbøtunet

Museumsdirektør Robert kloster skreiv m.a om Sæbøtunet: Ved å gå rundt frå bygning til bygning får ein her eit tverrsnitt av den gamle levemåten, av dei sosiale tilhøva, av byggeskikk og handverk, stutt sagt av vår gamle bygdekultur, som det snautt finst maken til.

Sæbøtunet
Sæbøtunet

Slik tunet nå står, omfattar det sju hus: Røykstove og ei glasstove som er bygd saman, gavl i gavl. Nær stovehuset finn me eldhus, stabbur og forlgeløa med vedskut. Desse fire husa utgjer inntunet.

Sæbøtunet
Sæbøtunet

Uthusa står kring eit tun for seg, uttunet. Her finn me løe med stall og skut. Vidare er det fjos med mottingskut og eit sauehus. Husa i tunet er innreidde med møblar, utstyr tilhuset, arbeidsredskapar og klede som høyrer heime her

Sæbøtunet
Sæbøtunet
Husa på garden er ordna i to langsgåande rekker med tungate imellom Til høgre når ein kjem inn porten, ligg inntunet med stovebygning, eldhus og stabbur. Til venstre ligg utetunet. Fremst ligg ei løe, attom ho ligg fjøs med stor møkkaskut og atterst eit lite sauefjøs. Røykstova er typisk for stovebygningane på 1700 talet. Gavl i gavl med røykstova står glasstova. Der hadde dei klede utstyrkister og soveplass for gjestene. Glasstova var utan eldstad,difor held tinga seg reine her
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut