Stødle kyrkje

Stødle kyrkje
Stødle kyrkje

Stødle kyrkje

Stødle kyrkje er hovudkyrkja i Etne. Kyrkja ligg på garden Stødle (den eldste namneforma var Studla), som ligg på ei vid terrasse med flott utsikt over fjorden og sentrale delar av etnebygda.

Gamle gravhaugar og funn vitnar om at garden Stødle er ein eldgamal bustad. Særleg legg ein merke til "Kyrkjehaugen" med den 6 meter høge bautasteinen som ligg ved inngangssida til kyrkja. Segna seier at den eldste delen av kyrkja vart bygd av Erling Skakke på midten av 1100-talet. Det var ei vakker lita kyrkje bygd i mur og truleg brukt som huskapell for huslyden hans og tenestefolka. Det vert fortalt at det på Erling Skakke si tid gjekk ein hellelagt veg frå kyrkja og til gardshuset.

Kyrkja var bygd i romansk stil, og av bogegangane kan ein sjå at den er bygd før 1200. Hjørna og karmane er mura opp av kleberstein og på nokre av klebersteinane er det skore inn runeteikn. Stødle kyrkje har gjennomgått påbygging og fleire restaureringar fram til i dag. Rundt 1650 var det trong for større kyrkje og det vart reist eit tilbygg i tømmer. Dette tilbygget vart det nye kyrkjeskipet, medan det gamle skipet vart kor og det gamle koret vart sakristi. I åra etter var det mykje storm og uver og alt i 1698 var det trong for ein større reperasjon, spesielt på trebygningen. Kyrkja vart og måla innvendig og pryda med vakre bilete og dekorasjonar i barokk stil. I 1702 fekk kyrkja ei flott messing lysekrone i gåve frå ein oberstløytnant på Fjellberg. Dette syner kva status kyrkja hadde også utanfor Etne.

Grunna smått med pengar selde kongen Stødle kyrkje i 1724 og fram til 1859 var kyrkja i ulike private hender. Då vart den kjøpt av Etne kommune for 10 spesidalar (40 kr). Dei private kyrkjeeigarane var pliktig til å halda kyrkja og inventaret vedlike, men dei hadde ofte større omsut for å krevja inn avgifter enn vedlikehald. Då kommunen overtok kyrkja var det difor nødvendig å utføra reperasjonar både utvendig og innvendig. Dessverre var det liten interesse for å vernagamalt utstyr og prydnad slik at gamle bilete og dekorasjonar vart måla over og verdifullt inventar vart rive ned og noko vart nytta til materiale til andre føremål. Hausten 1879 fekk kyrkja nytt tårn etter at det gamle tårnet vart tatt av storm i 1722 og kasta ned i Stødlebakken.

Kyrkjeklokkene er frå mellomalderen. Dei er store, bortimot 1 meter i diameter ved slagranda. Særleg den eine har svært fin klang.

Under restaureringsarbeidet i 1957/58 klarte ein å fjerna den nye malinga slik at dei gamle bileta og dekorasjonane kom fram i dagen att. På preikestolen fekk ein fram bibelord og mykje fin prydnad i barokkstil. Mykje av det som var nedrive og flytta, vart sett opp igjen der det høyrde til. Den gamle altertavla frå 1636 med truvedkjenninga og Fader vår, som i vølinga var blitt brukt til klokkarstol, vart sett i stand og hengd opp på den nordre korveggen. Galleribrystinga med bilete av dei fem dårlege og dei fem kloke jomfruene vart restaurert og sett på sin rette plass. På veggene i kyrkjeskipet finn me bilete av apostlane.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut