Gjerde kyrkje

Gjerde kyrkje
Gjerde kyrkje

Sandviken attmed Bergen. Denne vart teken frå kvarandre og frakta sjøvegen til Etne. 11.jini 1676 stod den nye kyrkja ferdig. Byggjesummen var 75 riksdalar (300 kr.).

Preikestolen er frå gamlekyrkja. Den har fire felt med dei fire evangelistane. Døypefonten og dåpsfatet i messing er og frå gamlekyrkja.

Også Gjerde kyrkje kom over på private hender i 1723 og gjekk frå den eine eigaren til den andre til den vart kjøpt av Etne kommune i 1860.

Frå gamalt hadde folk sine faste sitjeplassar i kyrkjene, og dei som betalte mest skatt fekk dei beste plassane. Stolbenkene vart fordelt mellom gardane i soknet og det var derfor lett å sjå kven som ikkje var på gudsteneste. Då stod benken deira tom. Først kring 1890 vart kyrkjebenkene frigitt og husmenn og gardbrukarar kunne sitja i lag på same benken.

Frå gamal tid var det ikkje omn i kyrkjene. Korleis folk kunne greia seg i kyrkja ein sprengkald vinterdag, er ei gåte. I 1895 vart det vedtatt å leggja ned "Etne arbeiderforening" og foreininga tilbaud kommunen kassabeholdninga på kr. 100 til varmeapparat dersom kommunen betalte resten om omnen ville kosta meir. Heradstyret vedtok samrøystes å ta imot gåva og kjøpa varmeapparatet.

På 1900- talet vart det tatt hand om kyrkja på mange vis for å gjera henne til eit verdig kyrkjehus. I 1895 I 1915 vart kyrkja måla og panelt innvendig og i 1921 fekk Gjerde-kyrkja det første pipeorgelet i Etne (Dette orgelet vart i 1985 bytta ut i nytt pipeorgel, kjøp brukt av ein lege i Nederland). I 1930 fekk kyrkja tårn med tårnfot, preste- og dåpssakresti og oppgang til galleriet.

I 1956 vart kyrkja restauret. Dei vaska vekk målinga på tømmerveggene, og fekk fram ein vakker blomedekor, innråma av bogar og søyler. I koret fann ein dei same bogane og søylene med bibleske personar, såleis av Moses og Aron mfl. Fargane er stort sett slik dei har vore frå gamalt: raudt, gult og grått. Over kordøra heng eit gamalt Kristusbilete med tornekrone og samanlenka hender. Det er truleg sv†rt gamalt. Altertavla vart og pussa opp under restaureringa. Ho er måla av Johan Wingård i 1738. Tavla er måla i to felt. øvst: Kristus på krossen mellom Maria og Johannes, med Jerusalem i bakgrunnen. Nedst: Nattverden vert innsett. Vengene nedst syner Jesu dåp og Isaks omskjering.

Det eldste og noko av det mest verdfulle av inventaret i kyrkja er kyrkjeklokkene frå mellomalderen. Dei har kalla folk frå gard og grend i over 650 år. Forma på klokkene viser at dei truleg høyrer saman, men berre den eine har innskrift og syner at den er laga i 1315.

Alle som vitjar kyrkjegarden i Gjerde vil leggja merke til bautasteinen, vel 5 meter høg, og med ein merkeleg krossfigur på toppen. Professor Schetelig seier at det er svært sjeldan at ein slik stein ber ein kross og at han ikkje har sett fleire enn denne i Noreg. Heidensk form og kristen ornamentikk (kross) skulle seia oss at steinen skriv seg frå ein tidleg bolk av den kristne tid. Runegranskaren Magnus Olsen har tenkt seg at steinen kanskje kan vera reist over ein fallen som ikkje kom heim. Då kan det vera n†rliggjande å tenkja på Erlend av Gjerde, som fall i slaget på Stiklestad.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut