Du er her: Heim Organisasjon Einingar Utvikling

Friluftsområder i Etne kommune

Fjellområde:

Etnefjella
Merka løypenett m/ turisthytter frå Olalia til Seljestad. Fiskevatn, jaktterreng, skiløyper, kulturminne, Langfoss m.m. Mange oppganger frå E-134. Veg til fjells på Skarstøl og Rus. Anleggsvegar fine for sykling. WC på Røde Kors-hytta/Skarstøl. Turistløyper og - hytter vert dreve av Haugesund Turistforening. Meir info på DNT-sidene om Etnefjella (om området, hytter, kart m.m.)

Skåneviksfjella
Fjellområdet mellom Etne og Skånevik. Varierande merking til ulike toppar frå Børkjenesnuten i vest til Dalanuten i aust. Fine turar frå Skånevik til Valdra/Prestafjellet og til Miljasæter, Leknesnibbane, og Veten eller Stødlehetta via postvegen. Du finn meir om postvegen under "attraksjonar" på reiselivssidene.

Nordsida av Åkrafjorden
Fjellområdet mellom kommunegrensa til Kvinnherad i vest og Odda i aust. Oppgang t.d. frå Eikemo, Mosnes og E-134 frå Rullestad til Berstø. Til dels krevjande område, villmarksprega og ulendt. Eikemo har aktiv stølsdrift. Turisthytte ved Sauavatn ved Folgefonna, umerka stiar opp. Folgefonna ved Svelgen er enklast å nå frå Blådalen i Kvinnherad. Skyss over Åkrafjorden v/ Lars Eikemo, tlf. 53 75 42 24.

Friluftsområde i låglandet:

Olav Vik-Stiftelsen sitt området på Osnes, inkl. badeplassen i Honsvikjo. Natursti herifrå til Borgaråsen bygdeborg (rasteplass halvvegs, bratt stigning siste biten).

Taraldsøy på Skånevikstranda. Godt tilrettelagt turmål for båtfarande.

Fiske-/rasteplassar ved Stordalsvatnet. Små og store tilrettelagte plassar på Lurasund, Øvstebøhammaren (v/ E-134), Norheimstranda og Lunda. Tursti frå Kvammen til Flåte.

Bøkeskogen på Milja i Skånevik. 100 år gamal skog med tilrettelagt natursti.

Postvegen i Rullestad. Gamal ferdaveg i fosselandskap mellom Rullestad og Skromme. Under restaurering. Avstikkar til særmerkte jettegryter via brua på Skromme.

Badeplassar:

  • Honsvikjo på Osnes ved Etne.
  • Peparholmen i Skånevik sentrum.
  • Havn og Hagavik ved Leknesvegen i Skånevik.
  • Sandvik på Skånevikstranda.
  • Sandvik ved Åkrafjordtunet på Teigland.

Meir info om attraksjonar på reiselivssidene og lakse-/innlandsfiske på miljøsidene.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut