Du er her: Heim Organisasjon Einingar Utvikling
Kjartan Strømø - storfiskar_450x502

Innlandsfiske

I Etne kommune finn Du eit variert tilbod for fiske i sjø elvar og innlandsvatn. Viktige aktørar innan forvaltning av fiske og vassdrag er Fylkesmannens Miljøvernavdeling, NVE og lokale rettshavarar og organisasjonar.

Laksefiske:
Der er tre laksevassdrag i kommunen. Etneelva er det blant dei viktigaste lakseelvane på Vestlandet. i 2014 vart Etneelva stengt inntil vidare.

 

Fisketider år 2012
Vassdrag: Laks: Sjøaure:
Etnevassdraget  (midtsesongevaluering) 15.06. - 15.08 15.06. - 15.08.
Sørelva 15.06. - 15.08. 15.06. - 15.08.
Fjæraelva Stengt 15.07. - 15.09.
Mosneselva 01.07. - 15.09. 01.07. - 15.09.

Meir informasjon om Etneelva på  Etnelaks, Fortuna Fiskeutleige  og  Gjerde Laks Etne jeger- og fiskeforening leiger ut sone 2, 3 og 10, den siste er tilrettelagt for rullestol.

Fiske i ferskvatn:
Det er rundt 40 gode fiskevatn i kommunen, dei fleste ligg i Etnefjella. Vatna i Sørfjellet og Midtre Etnefjell er mest nytta. Nokre av dei er regulerte, men det vert òg sett ut fisk. Områda er lett tilgjengelege, med bilveg til Rus og Skarstøl.

I Stordalsvatnet kan det leigast båt og garn. Her finst 6 fiskeslag; innlandsaure, røye, laks, sjøaure, stingsild og ål(sistnemnde er freda).  I Åkrafjorden er Rullestadvatnet det mest nytta vatnet, men i fjellet er det òg fleire gode aurevatn. Campingplassen på Halvfjordingen leiger ut båt. Området er også tilrettelagt for rullestol, m.a. med fiskepir i innfallsosen til Rullestadvatnet.

Fiskekort m.m.
Meir info i Friluftsrådet VEST sin brosjyre for fritidsfiske i regionen. Brosjyra ligger på nettsida eller kan få den ved å venda deg til turistinformasjonen (inkl. på tysk). eller tenestetorget.  Erling Grindheim & Søn i Etne har fiskekort for Etnefjella og Stordalsvatnet, elles også sal ved bensinstasjonar, hotell og kampingplassar. Ved Skarstøl er der fiskekortautomat. I sjøen kan det leigast båt ved Kyrping Camping.

Linkar:
Direktoratet for naturforvaltning / Fritidsfiske

Norges Jeger- og Fiskeforbund (inkl info om vilt- og fiskeartar, forvaltning, Bladet Jakt og Fiske m.m.)

Lov om laks og innlandsfisk

Etneelva og Kart over området

Fritidsfiske (brosjyre frå friluftsrådet vest)

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut