Frivilligsentralen i Etne og Skånevik

Frivilligsentralen har som mål å stimulera til auka frivillig aktivitet, og ta vare på og utvikla det organiserte og uorganiserte frivillige arbeidet i Etne kommune. For å oppnå dette, ønskjer vi å ha tett kontakt med lag og organisasjonar i bygdene.

 

2013-02-22

Frivilligsentralen[1].jpg

Frivilligsentralen er eit bindeledd mellom einskildpersonar som ønskjer å yta ein ubetalt innsats i nærmiljøet og einskildpersonar som ønskjer å ta i mot slik innsats. Vi organiserer aktivitetar for auka trivsel og tryggleik, så som:

  • Hjelpa med førebyggjande arbeid for barn og unge.
  • Skape trivsel for personar i utsette grupper.
  • Motvirka isolasjon av einskildpersonar
  • Formidla praktisk hjelp til einskildpersoner, i tillegg til offentlege tenestetilbod.

Ved Etne frivilligsentral kan du delta – som gjest, medhjelpar eller mottakar - i allereie etablerte aktivitetar og prosjekt, eller du kan komma med ønskjer og forslag om andre ting du kan tenkja deg å gjera. Vi har mange flinke hjelparar, men treng fleire. Utfordringane er mange!

Frivilligsentralen kan alle høyre til. Så ta kontakt, dersom du kan tenkja deg å bruka litt av tida di på å hjelpa andre. 

Årsmeldinga for 2016 er no lagt ut, slik at du kan få eit innblikk i våre aktivitetar.

Sjå også: https://www.facebook.com/etne.frivilligsentral

Etablerte aktivitetar:

  • Ettermiddagskaffi 
  • Middag på Ståvo
  • Følgehjelp
  • Leksehjelp
  • Gladsong/allsong
  • Sitjedans/seniortrim
  • Turar
  • Strikkekafè
  • Karaprat
  • Rusletur
  • Matombering

Frivilligsentralen yter ikkje tenester i konkurranse med yrkesutøvarar. Sentralen er heller ikkje ei erstatning for offentlege tenestetilbod, men eit supplement til etablerte hjelpetenester.  

Hovudkontor er i Etne, medan Skånevik har kontordag onsdagar i partalsveker (kl. 10.00-14.00).

 

Kontor:
Etne bustadskiping - tlf. 902 38 354
mail: 
frivillig.etne@gmail.com

Skånevik omsorgsenter

kto. 3543.13.38457 -  Adresse:  boks 48, 5591 Etne

Tip a friendTips ein ven