Hovudopptak/samordna opptak til barnehagane

Søknadsfrist barnehageopptak 1. mars, endring av plass 15. februar

Nå kan du søkje barnehageplass. 

Tro på deg selv
Enge barnehage_bygningar

 

I Etne kommune er det to kommunale barnehagar: Enge barnehage og Skånevik barnehage og ein privat barnehage: Småfolk barnehage.

 

Foreldre kan søkja barnehageplass heile året, men grunna planleggjing av nytt barnehageår, vert søknadsfristen for hovudopptak til barnehageplass med oppstart straks etter sommarferien sett til

1. mars. Fristen gjeld også for å vera sikra lovfesta rett til barnehageplass.

Born som allereie har plass, treng ikkje søkja på nytt.

 

Born som fyller eitt år innan utangen av november, har lovfesta rett til barnehageplass.

Ein må søkja om barnehageplass innan 1. mars for å oppfylla retten til barnehageplass.
Born som fyller eitt år innan november, kan søkja om plass frå 1. august, men treng ikkje nytta plassen før dei fyller eitt år.

  • Søknad om endring av opphaldstid har søknadsfrist 15. februar.

Born med plass i barnehage etter 2. eller 3. alternativ og som står på venteliste til høgare alternativ, kan søkja om plass i førstealternativsbarnehage.
Søknadsfrist 15. februar
 

Søknad om ny plass, endring av opphaldstid, endring av barnehage og oppseiingar gjer ein via føresettportalen i Visma Flyt Barnehage (VFB) via denne lenkja: https://barnehage.visma.no/etne

 

Opptaket skal vera ferdig innan 1. april. Det vert då sendt ut svar til alle søkjarar.

 

Søknad om reduksjon i foreldrebetaling

 

Melding om behov for individuell tilrettelegging i barnehage jfr Barnehagelova § 37

 

Nullmobbing