Vaksine

Influensavaksinering 2020

Vaksinering vert gjennomført i tråd med gjeldande vaksinasjon- og smittevernreglar.

Vaksinering vert gjennomført i tråd med gjeldande vaksinasjon- og smittevernreglar. Alle som møter må vere symptomfri for covid -19. Røde kors vil møte deg ved inngang og sikre avstand og kontroll på kor mange som er inne i lokalet. Vent gjerne i bilen om det blir kø i periodar. Du vil og få utdelt munnbind ved inngangen. Bruk håndsprit og hald avstand. Ha på praktiske klede for vaksinering i overarm.
Dei som er i risikogruppa og allereie har time hjå fastlege/jordmor framover, kan få vaksina der.
Risikogrupper – sjå lenka under:
Skånevik helsestasjon:
Tysdag 10.11. kl. 09-15
Etne helsestasjon: (me held til i gamle omsorgssenter)
Torsdag 12.11. kl. 09-17
Fredag 13.11. kl. 09-16
For alle andre som ønskjer vaksine:
Skånevik helsestasjon
Fredag 04.12. kl. 09-15
Etne helsestasjon:
Måndag 07.12. kl. 09.-15
Tysdag 08.12 kl. 10-17
Av smitteomsyn ønskjer me ingen dropin timar andre dagar. Dersom du ikkje kan møta på oppsette tider; ring for timebestilling på 53758108
Pris:
Influensavaksine for alle i risiko kr 50,-
For andre kr 200,-
Pneumokokkvaksine kr 500,-
Betaling helst med VIPPS eller kort, evnt. eksakt kontant betaling.
Velkommen
Helseavdelinga Etne kommune
Tips ein ven  Skriv ut