Haugaland Interkommunale Miljøverk

Informasjon frå HIM - køyrerute for miljøbil/utkøyring av avfallsposar for mat og plast

HIM gjennomfører innsamling av farleg avfall og småelektrisk avfall i Etne i veke 38. Dei har oså starta utkøyring av matavfallsposar og sekker til plasteballasje.

KØYRERUTER MILJØBILEN HAUSTEN 2010
Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) gjennomfører nå innsamling av farleg avfall og småelektrisk avfall. Dette er gratis å levere for privathushaldningar i HIM- kommunane. Desse kan også levera slikt avfall gratis på HIM sine miljøparkar heile året. P.g.a. plassmangel på innsamlingsbilen har me diverre ikke høve til å ta i mot større elektriske artiklar, trykkimpregnert trevirke og isolerglasruter.
Informasjon om kva type avfall du kan levera til miljøbilen og kva du må vera oppmerksam på ved levering finner du på våre internettsider www.him.as

ETNE KOMMUNE - veke 38
Måndag 20. september
kl. 15.45-16.00: Fjæra på kaien
kl. 16.15-16.30: Markhus ved Åkrafjordtunet
kl. 16.45-17.00: Kyrping ved bensinstasjonen
kl. 17.30-18.00: Skånevik ved fergekaien
kl. 19.00-20.30: Etne ved miljøstasjonen bak Coop
 

UTKØYRING AV MATAVFALLSPOSAR OG PLASTSORTERINGSSEKKER- HIM
Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) har nå starta utkøyring av matavfallsposar og sekker til utsortert plastemballasje. Alle husholdningar i Bokn, Etne, Haugesund, Tysvær og Vindafjord vil få utlevert ei forpakning med matavfallsposer og ein rull med plastsorteringssekker. Desse vert lagt oppå/ved dine/dykkar behalderar.

Det er venta at utdelinga vil ta ca 4 veker. Matavfallsposar- og plastsorteringssekker vil ikkje verta delt ut samtidig. HIM vil annonsere når utdelingen er avslutta. Abonnenter som då evnt. ikkje har fått posar og sekker må kontakta HIM.

Berekna forbruk for ein familie er tre matavfallsposer kvar veke og ein plastsorteringssekk kvar 4. veke. Om du har større forbruk enn dette vil du gå tom for sekker og/eller posar før HIM deler ut nye neste haust. Posar og sekker kan då kjøpast hos din kommune, eller ved ein av HIM sine mottak.

Ved å sortera sparer du miljøet og får betre plass i restavfallsbehaldaren!
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut