Corona

Informasjon frå kommuneoverlegen

I Etne kommune har me fredag ettermiddag fått rapportert at 34 innbyggjarar sit i karantene, dei fleste på grunn av reise dei siste 14 dagane. Dersom nokon ikkje har meldt frå er det fint om de gjer det til kommuneoverlegen per mail elisabeth.gunleiksrud@etne.kommune.no . Ho vil gjerne få opplyst kor ein har reist, og kva tid ein kom heim.

 

Følgjande reglar gjeld:

-          at alle som kjem til Norge etter reiser utanfor Norden ilegges karantene (isolering) i 14 dager etter ankomst.

-          at alle som kjem til Norge etter reiser utanfor Norden ilegges karantene (isolering) ved symptomer som forkjølelse, feber og/eller tungpust. Isoleringen varer i minst 7 dager etter symptomfrihet.

 

 Me har per nå ingen påviste tilfelle av Covid-19 i kommunen. Me oppmodar alle om å følgje med på nyhende og informasjon hos Folkehelseinstituttet (www.fhi.no) eller www.Helsenorge.no gjennom helga.

 

Dersom ein får luftvegsinfeksjon skal ein isolera seg heime i 14 dagar. Ein treng ikkje kontakte helsevesenet dersom ein elles er i god form. Det er nå berre følgjande grupper som skal melde seg til testing over helga (tidlegast måndag). Testinga vil gå føre seg etter nærare avtale i Ølen. Ikkje møt opp direkte på legevakta eller på legekontoret.

 

  • Pasienter med akutt innsetjande luftvegsinfeksjon* med behov for innlegging
  • Innlagde pasientar i alle helseinstitusjonar med akutt luftvegsinfeksjon
  • Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid med akutt innsetjande luftvegsinfeksjon
  • Person med akutt luftvegsinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19 der smitteoppsporing er indisert
  • Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptomer
  • Akutt luftvegsinfeksjon med minst eitt av symptoma feber, hoste, kortpust
Tips ein ven  Skriv ut