Omsorgssenteret

Informasjon om besøksrutinar for Etne og Skånevik omsorgssenter

Alle bebuarar ved Etne omsorgssenter er nå ferdig vaksinerte, og vil iløpet av 1-2 veker vera verna mot alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta av koronaviruset. Frå veke 7 kan bebuarar ha nærkontakt med besøkjande når begge er vaksinerte. 

Bebuarar på sjukeheim kan ha fysisk kontakt til eit avgrensa tal uvaksinerte besøkjande frå veke 7.

Enkelte bebuarar på sjukeheim vil ikkje bli vaksinert grunna eige ønske eller helsemessige årsaker. Det difor er viktig å oppretthalde gode smittevernsrutinar for å verna desse bebuarane. 

Dei fleste av bebuarane som leiger omsorgsbustad på Etne og Skånevik omsorgssenter ønskjer dei same tilrådingane for besøk som bebuarar i institusjon. 

Besøkjande skal framleis halda minst 1 m avstand til helsepersonell då dei ikkje er vaksinerte endå.  

Lokalt har me i dag 8.2.21 gått ut med ei tilråding om at ein ikkje bør besøkja bebuarar ved omsorgssentera i kommunen viss ein har vore ute og reist i kommunar med høgt smittetrykk/ring 1-2. Sjekk lenke for meir informasjon.

Sjekk besøksrutine PDF document ODT document

 

Tips ein ven  Skriv ut