Brannvern

Informasjon om brannfare i denne kuldeperioden

Vermeldingane tyder på at mange av innbyggjarane i kommunen vår må fyre hardt for å halde varmen dei neste vekene. Førebyggjande avd frykter at ein lengre kulde periode kan føre til fleire bustadbrannar.

Høg belastning på dei elektriske anlegga og utstrakt vedfyring bidrar til auka risiko for bustadbrann.
Vi vil alle ha det varmt i bustaden, men ver forsiktig så du ikkje fyrer for hardt. Ver observant på at overbelastning av det elektriske anlegget auker brannfaren. Har du eit eldre elektrisk anlegg som er dårleg vedlikehelde og underdimensjonert i forhold til kva husholdninga nytter av elektrisk utstyr så ska de vere på vakt.
 

For å førebygge brann anbefaler vi ein sjekk i sikringsskapet. Om det luktar svidd eller sikringar er så varme at dei er ubehageleg å røre ved dei, bør ein med det same redusere strømforbruket og kontakte autorisert installatør. Unngå og bruk av skøyteleidningar til elektriske varmekjelder som panelomnar og vifteomnar med høg wattstyrke.
I forhold til vedfyring må bustadeigarane sjekke om skorstein og eldstad er i orden. Er ein usikker, kan ein kontakte det lokale brann- og feiarvesenet eller andre fagfolk på området.
 

Ein vanleg feil når ein fyrer er å fylle opp med store mengder ved og fyre med trekkventilane mest mulig gjenskrudd. Slik rundfyring kan gi uheldige konsekvensar. For det første gir det dårlig forbrenning og dermed mykje forureining til luft via skorsteinen. Dårlig forbrenning gir samstundes mindre varme og dermed og dårligare økonomi.
 

Rundfyring medfører danning av beksot i skorsteinen. Beksot kan ta fyr og føre til sotbrann. Ein sotbrann kan skade skorsteinen og i verste fall føre til brann i bustaden.
 

Brannførebyggjande avdeling, Solveig Hortman og Jørgen Hopland
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut