Håndvask

Informasjon om Coronaviruset

Coronaviruset 2019-nCoV forårsakar utbrotet av lungebetennelse som starta i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina like etter nyttår. Den smittsame luftvegsinfeksjonen har spreidd seg til fleire land.

Det er per no ikkje stadfesta coronasmitte i Noreg. Etne kommune fylgjer nøye med på utviklinga omkring Coronaviruset, og arbeider etter anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. 

Det er viktig å påpeike at sjukdomen er antatt å vera ein mild luftvegsinfeksjon for dei fleste, men at dei som er eldre eller har svekka helse frå før er meir sårbare for å utvikle lungebetennelse.

God handhygiene med handvask og såpe er derfor eit godt førebyggjande tiltak. Handsprit kan nyttas dersom handvask ikkje er tilgjengeleg.

Du finn oppdatert informasjon om Coronavirus på Folkehelseinstituttet sine heimesider: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/korona/ og på www.helsenorge.no

Smittevernlege Gunleiksrud

Hygieneplakat-nynorsk_450x633.jpg

Tips ein ven  Skriv ut