Ebola

Informasjon om ebola

Mange har spørsmål i samband med utbrotet av ebola i Vest-Afrika.

Ebolasituasjonen i Vest-Afrika er alvorleg, og krev rask innsats frå omverda for at den ikkje skal spre seg ytterlegare. Risikoen for større utbrot i Norge er derimot minimal, då ebola kun smittar ved direkte kontakt. Ein norsk hjelpearbeidar er smitta og blir behandla på Oslo universitetssykehus.

I denne situasjonen er det mange som blir bekymra for å bli smitta av ebola virus, også i Norge. Her finn du fleire lenker som kan gi deg svar på spørsmål kring ebola:

Folkehelseinstituttet gir informasjon på denne sida.

Helsedirektoratet informerer kontinuerlig og har samla relevante lenker på denne sida.

Faglege råd om ebola er samla på denne sida.

Innbyggjarar i kommunen kan også ta kontakt på tlf. 800HELSE (tlf. 800 43 573) for informasjon om ebola. Dei som svarer her er ikkje helsepersonell, men kan gi informasjon på same nivå som FHI`s nettinformasjon. Telefonen er meint som eit tilbod for personar som foretrekker telefon framfor internett.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut