Informasjon om eigedomsskatt 2018

hus-13955

Utsending av skattesetlar

2018-01-12

Informasjon om lokale og sentrale endringar for eigedomskatten i 2018

 

Kommunen har fått spørsmål om kvifor eigedomsskatten for bustadhus (med formuegrunnlag) har auka frå 2017 til 2018, sjølv om eigedomsskattesatsen er sett ned 0,125 ‰. Det er Statistisk Sentralbyrå (SSB) som har laga metoden for å rekna ut bustadverdiane. Den gir lokale utslag. Endringa frå 2017 til 2018 skuldast at Skatteetaten har flytta Etne kommune til ei høgare prisgruppe for berekning av formuegrunnlag. Dette fører til at eigedomane får noko høgare formuegrunnlag i 2018, og dermed eit høgare grunnlag for eigedomsskatten.

 

For meir detaljar om dette kan du lese SSB sine dokumenter her.
 

Skattesetlane for skatteåret 2018 er no sendt ut for alle eigedommar som vart synfart og taksert i 2015, 2016 og 2017.

Skattesetlane for nye eigedommar og eigedommar som ikkje vart taksert i 2015, 2016 eller 2017 vil verte sendt ut innan 1. mars 2018. Desse eigedommane vil verte takserte i løpet av januar 2018.

Skattesetlane gir detaljert informasjon om din eigedom, og korleis den har blitt taksert. Sjå denne lenka for forklaring av dei ulike felta på skattesetelen.

 

Faktura for eigedomsskatt

Gebyr for eigedomsskatt vert sendt ut på same faktura som dei kommunale avgiftene. Faktura vert sendt ut kvart kvartal.

 

Eigedomsskattesatsar 2018

Kommunestyret i Etne har vedteke følgjande eigedomsskattesatsar for 2018:

  • Skattesatsen for bustader og fritidseigedommar, samt ubebygde tomter er 4,125 promille, jf. esktl. § 12 b.
  • Skattesatsen for andre skattepliktige eigedommar er 7 promille, jf. esktl. § 11.

 

Takstar

For eigedommar med formuegrunnlag, vil taksten verte oppdatert årleg, basert på eigedommen sin likningsverdi. For eigedommar som vart takserte i 2015, vert taksten ståande i ti år, jf. esktl. § 8 A-3 (2).

For meir informasjon om formuegrunnlag og taksering, (lenke kjem)

 

Offentleg ettersyn

Skatteliste for offentleg ettersyn for allereie takserte eigedommar vert lagt ut på kommunen sine heimesider og i Tenestetorget på Tinghuset i tre veker frå 12.01.18. Skattelistene vert supplert med nye eigedommar når desse er ferdig taksert.

Skattelister for offentleg ettersyn finn du her:

§ 5 kommunale eigedommar.pdf

§ 5 Statlige eigedommar.pdf

FG og vedtatt STN.pdf

Fritak § 7a.pdf

Fritak § 7c.pdf

 

Klage

Fristen for å klage på eigedomsskatten er seks veker. For skattesetlar sendt ut 12.01.18, er klagefristen 26.02.18.

Seinare utsendte skattesetlar vil få ein klagefrist på seks veker frå den dato skattesetel vart utsendt. Dato for klagefrist vil verte spesifisert på skattesetlane.

Klage på eigedomsskattetaksten kan setjast fram kvart år i samband med utskrivinga av eigedomsskatt, såframt det ikkje tidlegare er klaga på same grunnlag, jf. esktl. § 19 (1). Klagen må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker.

Send klage til Etne kommune, Eigedomsskattekontoret, Sjoarvegen, 5591 Etne eller på e-post til eigedomsskatt@etne.kommune.no . Merk klagen med gards- og bruksnummer, og ev. feste- eller seksjonsnummer.

 

Spørsmål?

Ved spørsmål om eigedomsskatt, ta kontakt med Etne kommune på tlf. 53 75 80 00, e-post eigedomsskatt@etne.kommune.no, eller post Etne kommune Sjoarvegen 2 Etne.

 

Tip a friendTips ein ven