Faktura ill

Informasjon om eigedomsskattesatsen for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter i 2018

I Kommunestyresak 027/18 blei det vedtatt at eigedomsskattesatsen for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter skal reduserast frå 4,125 til 4 ‰ i 2018. 

Vilkåret for vedtaket er at ein «lovgjennomgang viser at vedtaket er lovleg». Administrasjonen har fått ei vurdering frå KS som legg til grunn at vedtaket er i strid med likehandsamingsprinsippet, og vil føre til usakleg forskjellshandsaming og dermed være ugyldig. Kommunen vil difor sende vedtaket over til Fylkesmannen for godkjenning.
 
Ein konsekvens av dette er at eigedomsskatten ikkje vil bli sett ned før kommunen har fått avklart at vedtaket er lovleg. Det betyr at på faktura for 3. termin er skattesatsen framleis 4,125 ‰ for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter. Alle andre eigedommar har 7 ‰. Viss vedtaket blir godkjent av Fylkesmannen vil det bli gjort ei motrekning på faktura for 4. termin. Faktura for 3. termin vert sendt ut i slutten av denne veka.
 
Eventuelle spørsmål kan rettast til Eigedomsskattekontoret på e-post: eigedomsskatt@etne.kommune.no eller telefon 53 75 80 00 (kvardagar mellom 09.00-15.00).

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut