Illustrasjon

Informasjon om redusert eigedomsskattesats for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter i 2018.

I Kommunestyresak 027/18 blei det vedtatt at eigedomsskattesatsen for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter skal reduserast frå 4,125 til 4 ‰ i 2018. 

Vilkåret for vedtaket var at ein «lovgjennomgang viser at vedtaket er lovleg». På bakgrunn av dette blei vedtaket sendt over til Fylkesmannen i Hordaland for lovlegkontroll. Fylkesmannen har i brev til kommunen datert 21.08.18 godkjent vedtaket. Det betyr at eigedomsskattesatsen for bustader og fritidseigedommar, samt ubygde tomter no vert redusert frå 4,125 til 4 ‰ gjeldande for heile 2018. Dette vil bli justert på faktura for 4. termin for 2018, som tidlegare informert om på kommunen si heimesida.  

Eventuelle spørsmål kan rettast til Eigedomsskattekontoret på e-post: eigedomsskatt@etne.kommune.no eller telefon 53 75 80 00 (kvardagar mellom 09.00-15.00).

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut