Informasjon om søknadsomgangen for regionale miljøprogram RMP 2015

Alle føretak som fyller grunnvilkåra for produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland og som elles fyller vilkåra som vert stilte i dei ulike ordningane, kan søkje. Søkjarar må anten levere søknad på Internett, eller skrive ut papirsøknad og levere søknaden til kommunen. Frist for å søkje er i år 20. september. For organisert beitebruk er søknadsfristen 15. november. Informasjon er no lagt ut http://www.fylkesmannen.no/Hordaland/Landbruk-og-mat/Miljotiltak/

Frå 1. august kan ein levere søknad på Internett via Altinn. Sjå www.slf.dep.no.
Det er gjort nokre endringar frå førre søknadsomgang, dei viktigaste endringane er:

  •          Krav om miljøplan trinn 2 er fjerna.
  •          Beitetilskot til beiting av kystlynghei er fjerna, då dette vert dekt gjennom produksjonstilskotet
  •          Det er sett krav om at Landskapsparker må ha skjøtselsplan

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut