Corona2

Informasjon til innbyggjarar og bedrifter med betalingsvanskar på grunn av koronapandemien

Både næringslivet og innbyggjarar i kommunen kan oppleve ein vanskeleg økonomisk situasjon som følgje av koronapandemien. 

Viss du har fått problem med å betale dine forpliktingar bør du ta kontakt med dei du skuldar pengar for å finne ei løysing.

Generelle råd
Leverandørar kan ofte gi deg betalingsutsetting og ein nedbetalingsplan om du er tidleg ute.
Banken din kan og ofte hjelpe deg ved å gi deg avdragsfriheit på lånet eller forlenge lånet si løpetid.

Kommunale krav / faktura frå Etne kommune
Viss du har betalingsproblem som gjeld faktura frå Etne kommune kan du ta kontakt med Økonomi-avdelinga.
Me vil hjelpe til for å finne ei betalingsordning. Vår kontaktinfo: post@etne.kommune.no eller tlf. 53 75 80 00

Økonomisk rådgjeving og stønadsordningar
Viss du har betalings- og gjeldsproblem kan NAV gi deg rådgjeving. Les meir her
NAV kan og gi økonomisk hjelp gjennom sosial stønad, bustønadar og startlån/tilskot. Lokal kontaktinfo og meir informasjon finn du her: 

https://www.etne.kommune.no/gjeldsrdgjeving.370418.83248067.tkt.html

https://www.etne.kommune.no/startln-bustad.370418.5860557.tkt.html

Kompensasjonsordning for næringslivet
Føretak kan søkje på den statlege kompensasjonsordninga for næringslivet, meir informasjon og søknadsportal:  https://kompensasjonsordning.no

Gratis koronarådgjeving i Etne og Vindafjord
Bedrifter får tilbod om inntil 3 timar gratis rådgjeving om tiltakspakkar i høve koronasituasjonen. Etne og Vindafjord kommunar, Fikse Næringsutvikling og Medvind Næringshage har gått saman om å tilby dette. Følg linken for meir informasjon:
https://www.etnevindafjord.no/naeringsnytt/gratis-coronaradgjeving

Tips ein ven  Skriv ut