Etne-kommunelogo

Innbyggjarundersøking i Etne kommune

Me ønskjer å betra kvaliteten på tenestene våre og kommunen me bur i. Ein del tilfeldig uttrekte personar i Etne kommune har i desse dagar motteke spørjeskjema til innbyggjarundersøkinga.

Me håpar sjølsagt at flest mogeleg tek seg tid til å svara på skjema på internett. Deltakinga er frivillig, men dess fleire som svarar, dess betre kartlegging kan me gjera.

Resultatet av undersøkinga vert offentleggjort på kommunen sine heimesider og Grannar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut