Innovasjon og endring gjennom prosjekt

Det vert oppstart av kompetanseprogrammet ”Innovasjon og endring gjennom prosjekt” 27. oktober 2010. Programmet set fokus på endringsprosessar som må gjennomførast i bedriftene for å auka konkurransekrafta i nye og eksisterande marknader eller for å utvikla nye produkt / tenester til dei same marknadane.

Kompetanseprogrammet omfattar blant anna:
• Prosjektdriven innovasjon og endring
• Forretningsutvikling, prosjektet si rolle
• Leiing av innovasjonsprosjekt – kunde og leverandør som partnar
• Gjennomføring av innovasjon og endringsprosjekt

Programmet skal gå over 15 månader med 4 samlingar à 2 dagar og med muligheiter for konsulentoppfølging mellom samlingane.
Kompetanseprogramma er delfinansiert gjennom ordninga med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift og Innovasjon Norge.
Hovudmålgruppa for programmet er bedrifter i Bømlo, Etne, Tysnes , Kvinnherad, Kvam, Jondal og Modalen, men bedrifter frå andre kommunar kan og delta.

Prosjektleiar for programmet er August Kjerland, Euro Marketing AS, og prosjektansvarleg er Gro Jensen Gjerde, Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

For meir informasjon ta kontakt med:

August Kjerland, tlf. 90 739 916
Gro J. Gjerde, tlf 53 45 67 90 / 90 08 91 50
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut