IMG_2338

Innskjerping av besøksreglar for Etne omsorgssenter

Etne kommune har ein auke av covid-19 positive innbyggjarar og vil gjera målretta tiltak for å redusera risikoen for å få smitte på institusjon (sjukeheim). Innskjerping av reglar er gjort i samarbeid med folkehelseinstituttet.

Frå torsdag 12.11.20 vil reglane for besøk verta utvida slik:

  • Det vert berre løyve til eit besøk dagleg for kvar bebuar.
  • Inntil 2 av dei næraste pårørande får kome på besøk og det må vera dei same personane fram til det blir endring på besøksrutinar.
  • Besøkstid vert sett til kl. 10:30 – 12:30 og kl. 16:00 – 17:30. Ta kontakt på telefon for avtale. Tilrår ikkje besøk som varer lenger enn ein time.
  • Besøkjande har ansvar for å nytta munnbind (ta med sjølv) under besøket og halda to meter avstand til bebuar.

Reglane må sjåast i samanheng med gjeldande reglar. Me minner elles om dei generelle reglane for hygiene!

Bebuarar og pårørande vil få melding om endringa gjennom vanlege kommunikasjonskanalar. Håpar på forståing for tiltaket.

Tips ein ven  Skriv ut