Institusjon - avlastingsopphald | |||||
Oppdatert: 20.09.2018 12:07 | |||||
Generelt | |||||
Alternativt navn Tidsbegrensa opphald - avlasting | |||||
Omtale Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om tidsavgrensa avlastingsopphald på institusjon. Den hjelpetrengande kan også søkje. Formål: Den daglege omsorgsytar skal få avlastning frå sine daglege omsorgsoppgåver. At hjelpetrengande skal kunne bu heime lenger. | |||||
Målgruppe Personar med omfattande omsorgsoppgåver heile døgnet. | |||||
Kriterium/vilkår Følgjande skal vurderast:
Iplos kartlegging skal gjennomførast. Naudsame medisinske opplysningar frå lege skal innhentast. Moment som ein kan ta omsyn til:
| |||||
Pris for tenesten Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald. | |||||
Brosjyrer, dokumenter, kart og liknande Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten Brosjyre Etne Omsorgssenter Hjelpetilbud i kommunen | |||||
Regelverk | |||||
Tenesta er heimla i : Pasient og brukarrettighetslova §2-1 a andre ledd jf. helse- og omsorgteneste lova §§3-1 og 3-2 fyrste ledd. nr 6 bokstav d. Lover Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven Forskrifter Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene Verdighetsgarantiforskriften | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting. | |||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | |||||
Søknadsfrist Søknaden vert handsama av tiltaksteamet i kommunen. | |||||
Søknaden sendes til Etne Kommune v/ pleie og omsorg, Sjoarvegen 2 5590 Etne | |||||
Sakshandsaming Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
| |||||
Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort. | |||||
Klagemulighet Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om saka skal bli teken til følgje. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2018-09-20 12:07 |