Institusjon - rehabiliteringsopphald

Oppdatert: 20.09.2018 12:04
Generelt
Alternativt navn
Tidsbegrensa opphald i institusjon- Rehabiliteringsopphald
Omtale

Tidsbegrensa opphald i institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester med særskilt tilrettelagte rehabiliteringstenester.

Rehabilitering er ei tidsavgrensa teneste som ytes for å kunne gje bistand til den enkeltes eigen innsats for å oppnå best mogleg funksjon og mestringsevne, likeverd og deltaking sosialt og i samfunnet.

Målgruppe

Rehabilitering i institusjon kan vera eit tilbod til :

  • Personar der rehabilitering utanfor institusjon ikkje let seg gjennomføra.
  • Personar som treng døgnkontinuerlig og tverrfagleg oppfølging i ein tidsavgrensa periode.
Kriterium/vilkår
  • Personen må sjølv vere motivert for rehabilitering og delta aktivt.
  • Personen må kunne ta imot instrukser og samarbeide i ein treningssituasjon.
  • Kvardagsrehabilitering eller andre rehabiliteringstiltak og tilretteleggingstiltak  i heimen eller på andre arenaer er ikkje hesiktsmessig.
  • Mål for opphaldet skal vere avklart før opphaldet tek til.
  • Vidare tenestetilbod skal avklarast i løpet av opphaldet.

Kriterier for opphaldet:

  1. Ved innkomst: Tverrfagleg kartlegging og utredning av brukers funksjonsnivå og behov for rehabilitering og habilitering.
  2. Brukere med behov for langvarige og koordinerte tenester får info om og tilbod om individuell plan og /eller koordinator. Om brukar ynskjer dette skal behovet meldast koordinerande eining for habilitering og rehabilitering. For dei som har ein plan og/eller koordinator vert det etablert kontakt med denne - med føresetnad om samtykkje.
  3. Det utarbeides ein plan for opphaldet med målsetjing, konkrete tiltak med involvering frå ulike faggrupper avhengig av brukers behov, og evalueringspunkter er tidfestet.
  4. Ved starten av opphaldet skal det vere eit møte og det skal vere minimum eit evalueringsmøte saman med brukar under opphaldet.
  5. Ved avslutning avopphaldet vert måla for opphaldet evaluert gjennom ny funksjonsvurdering som dokumenteres.

Kartlegging av Iplos skal gjennomførast

Medisinske opplysningar frå fastlege og /eller spesialisthelsetenester skal innhentast.

Pris for tenesten

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift.


Taksthefte
Regelverk

Tenesta er heimla i :

Pasient og brukarrettighetslova §2-1 a andre ledd jf. helse- og omsorgteneste lova §§3-1 og 3-2 fyrste ledd. nr 6 bokstav c.


Praktiske opplysninger
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om rehabiliteringsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt

 

Skjema
Søknad om helse- og omsorgstenester
Søknaden sendes til

Etne Kommune v/ pleie og omsorg

Sjoarvegen 2

5590 Etne

Sakshandsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

 

Sakshandsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

 

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen.

Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til Etne Kommune v/pleie og omsorgs leiar.

 

Kontaktinformasjon
Ansvarlig eining
Avdeling:Pleie og omsorg
Leder:Børve, Reidun Holmefjord
Kontaktpersonar
Reidun Holmefjord Børve (Leiar PLO)
Telefon: 53758142
Mobil: 97148988
Telefaks:
Epost: reidun.holmefjord.borve@etne.kommune.no
Andre opplysningar
Dato oppdatert
2018-09-20 12:04