Institusjon - rehabiliteringsopphald | |||||
Oppdatert: 20.09.2018 12:04 | |||||
Generelt | |||||
Alternativt navn Tidsbegrensa opphald i institusjon- Rehabiliteringsopphald | |||||
Omtale Tidsbegrensa opphald i institusjon med heildøgns helse- og omsorgstenester med særskilt tilrettelagte rehabiliteringstenester. Rehabilitering er ei tidsavgrensa teneste som ytes for å kunne gje bistand til den enkeltes eigen innsats for å oppnå best mogleg funksjon og mestringsevne, likeverd og deltaking sosialt og i samfunnet. | |||||
Målgruppe Rehabilitering i institusjon kan vera eit tilbod til :
| |||||
Kriterium/vilkår
Kriterier for opphaldet:
Kartlegging av Iplos skal gjennomførast Medisinske opplysningar frå fastlege og /eller spesialisthelsetenester skal innhentast. | |||||
Pris for tenesten Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift. Taksthefte | |||||
Regelverk | |||||
Tenesta er heimla i : Pasient og brukarrettighetslova §2-1 a andre ledd jf. helse- og omsorgteneste lova §§3-1 og 3-2 fyrste ledd. nr 6 bokstav c. | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om rehabiliteringsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt
| |||||
Skjema Søknad om helse- og omsorgstenester | |||||
Søknaden sendes til Etne Kommune v/ pleie og omsorg Sjoarvegen 2 5590 Etne | |||||
Sakshandsaming Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
| |||||
Sakshandsamingstid Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
| |||||
Klagemulighet Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Fylkesmannen. Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til Etne Kommune v/pleie og omsorgs leiar.
| |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2018-09-20 12:04 |