Engelsgjerd

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Varsel om start av planarbeid og høyring av planprogram.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland har vedteke å starta arbeidet med ein interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland. Planarbeidet omfattar kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes og Fusa.
Samarbeidsrådet godkjende i møte 8.desember 2011 å senda planprogrammet ut på høyring med uttalefrist 15.februar 2012 samstundes som det vert varsla oppstart av planarbeidet. Forslag til planprogram med forslag til konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova, kapittel 4. Planområdet omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina. Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova. Planen skal innehalda dei tema/ føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona. Følgjande tema skal vurderast:
  •    Friluftsområde, regionale og lokale               
  •    Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
  •    Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde 
  •    Kulturminneområde, kystkultur m.m.
  •    Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg                       
  •   Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
  •    Bustadområde og område for fritidsbustader
  •    Fortettingsområde

 

Som del av planarbeidet skal det utarbeidast felles føresegner for bygging av brygger, naust, rorbuer, spreitt utbygging, m.m. i strandsona og elles andre føresegner med retningsliner som gjeld bruk og forvaltning av strandsona. I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera einskildtiltak som brygger, naust, hytter og bustader og liknande plassert i strandsona. Slike einskildsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar. Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona. Kvart kommunestyre i dei deltakande kommunar skal treffa endeleg vedtak for sitt område.

 

Forslaget til planprogram er også lagt ut på Etne Tinghus (tenestetorget), på Etne bibliotek og Skånevik bibliotek.
Du kan få nærare opplysningar ved å venda deg til Samarbeidsrådet tlf.  53 45 67 90 eller til prosjektleiar tlf. 91 00 16 43, eller til Etne kommune tlf 53 75 80 00 (kontaktpersonar Grete Kathrine Jacobsen og Erik Kvalheim). 
Eventuelle merknader kan sendast innan 15. februar 2012 til Samarbeidsrådet i Sunnhordland, postboks 444, 5403 Stord, eller pr e-post til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut