Informasjon frå 4 land

Internasjonal dag i Enge Barnehage

I april har Enge barnehage hatt fokus på alle landa som er representert i barnehagen. Kvar avdeling har jobba med ulike land, t.d. kva dyr som er der, korleis flagget ser ut, kva mat er typisk og elles andre ting som er spesielt for landet. 

I dag har me hatt internasjonal dag og avdelingane har delt kunnskap og smakar med kvarandre. Alle barna fekk sitt eige pass og dei fekk eit klistermerke for kvart land dei besøkte. Medrekna Norge var det heile 13 land å besøkja.  Det har vore eit lærerikt og kjekt prosjekt både for dei minste og dei som snart skal byrja på skulen.

097[1].JPG

Flaggborg

063[1].JPG

Savom frå Estland smakte veldig godt.

100[1].JPG

Passet til eit barn som har besøkt alle landa.

089[1].JPG

Mange spennande dyr som bur i Afrika

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut