Haugaland Vekst

Introduksjonskurs for etablerarar

SKAPE skal hausten 2015 kjøre følgjande kurs i vår region.

Introduksjonskurs for etablerarar – 10. september (Haugesund) Kursstad: Meieriet, Karmsundgaten 51, Haugesund

Introduksjonskurs om oppstart av eiga bedrift. Kurset går frå 18:00 - 21:00. Kurset er for etablerarar som nyleg har etablert, eller har plan om å etablere, eiga bedrift.

I løpet av 3 timar gjennomgår kurset grunnleggande element som er viktig i høve til etablering av eiga bedrift.

Du får nyttige og praktiske råd i samband med oppstart av eiga verksemd, og gode høve til å stille spørsmål vedrørande eige etableringsprosjekt.

Kurset vil blant anna vere innom desse tema:

  • Registrering av firma
  • Forretningsidé
  • Forretningsplan
  • Val av selskapsform

Føremålet med introduksjonskurset er:

  • Avklare eigne behov
  • Inspirasjon og faglege innspel
  • Kjennskap til Skapes etablerartenester
  • Forsmak på Skapes etablerarkurs

Eigenandel: 300 kroner

Kurshaldar: Vaardal-Lunde AS v/ Einar Vaardal Lunde
For nærare informasjon kontakt: Skape.no v/ Einar Talgø
tlf: 51 87 42 41 eller 909 777 96 - epost: einar.talgo@skape.no

 

Temakurs «Forretningsplan & strategi» - 22. september (Avaldsnes)

Ein god og gjennomarbeida forretningsplan er ein heilt nødvendig forbuing for alle som vil starte og drive bedrift. Dette temakurset gir deltakarane kjennskap til kva ein forretningsplan er, korleis det er eit nyttig verktøy og korleis ein praktisk kan jobbe med forretningsplanlegging.

4 timars kurs med følgjande innhald:

  • Kva er og kvifor utarbeide ein forretningsplan?
  • Innhald i ein forretningsplan:
    • Visjon, forretningside og mål
    • Analyse av omgjevnader og eigne forutsetningar
    • Markedsføringsleiing
    • Produkt- og tenesteutvikling
    • Kvalitet
    • Organisering, nettverk og samarbeidspartnarar
    • Forretningsstrategi (herunder hovedstrategi, produktstrategi og markedsstrategi)
    • Budsjett og finansiering
    • Kritiske faktorar
    • Sal
  • Korleis jobbe praktisk med forretningsplanen?
  • Korleis arbeide med strategiprosessen i bedrifta i det vidare løp, og kva det inneber?

Det vil bli gjennomgått ein del case og eksempel.

Kurshaldar: Bjørn O. Madsen, tlf. 970 40012 / Kjell Larsen, tlf. 454 50544

Lengd: 4 timer

Eigendel: 500 kroner.

 

DESSE kursa kan de finne meir info om på nettsida til skape.no.

 

  • Temakurs «Regnskap, prissetting og kalkulasjon» - 20. oktober (Avaldsnes)
  • Introduksjonskurs for etablerarar – 29. oktober (Haugesund)
  • Etablerarkurs (21 timer) – kursstart 5. november / avsluttast 25. november (Haugesund)
  • Temakurs «Salg & markedsføring» - 17. november (Avaldsnes)

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut