Jegerprøven | |||||
Oppdatert: 16.10.2019 13:04 | |||||
Generelt | |||||
Omtale Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk. | |||||
Målgruppe Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjelder småvilt) eller 16 år som ønskjer å drive jakt eller fangst. | |||||
Kriterium/vilkår Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.) | |||||
Samarbeidspartnarar Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund. Etne jeger- og fiskeforening | |||||
Regelverk | |||||
Forskrifter Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst | |||||
Praktiske opplysninger | |||||
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta Kommunen arrangerer elektronisk eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane. Det vert også arrangert elektronisk eksamen | |||||
Skjema Registrer deg som jegerprøvekandidat | |||||
Sakshandsaming Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen ut bevis for at jegerprøven er teken. | |||||
Klagemulighet Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen, og betale eksamensavgift for kvart forsøk. | |||||
Kontaktinformasjon | |||||
Ansvarlig eining
| |||||
Kontaktpersonar
| |||||
Andre opplysningar | |||||
Dato oppdatert 2019-10-16 13:04 |