Vinter 2012 071

Julehelsing frå ordføraren

Julehøgtida er like om døra. Ein fin ferie i mørketida. Forventningar skal oppfyllast og mange små og store ser fram til gode dagar saman om ulike tradisjonar. Tradisjonar er viktig i norsk julefeiring. Me har det ganske godt. 

Likevel er me minna om ei verd i endring, Europa i endring, Noreg i endring , Etne i endring. Ein arbeidsmarknad og ein befolkning i endring. Dette er Etne i dag. Desse endringane utfordrar oss og våre lokalsamfunn. Juletida er ikkje like lys for alle i våre nabolag. Sjukdom, sakn og livskriser kan gjere jula tung og einsam. La oss gjera litt for kvarandre. Me må vera rause og  varme.

Dei siste vekene har og vore prega av optimisme, gode møte med innbyggjarar og aktørar med spennande planar, næringsutvikling og samferdsleløft. Slike initiativ er  viktige. Får me dette samarbeidet godt til, ser me resultat heile vegen. Som ordførar har eg alt vore med på fleire spennande satsingar, opning av stor storfe-fjos,  fleire butikkar og Sydvest bokfestival m.m. Me ventar på opning av Stordalsparsellen på E134.

Eg ynskjer å skriva litt inn i mellom for å dela litt tankar med innbyggjarane. Difor blir dette litt meir enn ei julehelsing. Etne kommune er aktiv på mange plan, i fleire regionar. Slik skal det vere. Det er viktig at Etne er synleg og at våre interesser blir ivaretekne i dei samarbeidsfora me er ein del av. Som ordførar ynskjer eg  å vere ute og møte aktørar, innbyggjarar og samarbeidspartar. Ta gjerne kontakt om de ynskjer besøk.

Etne kommune har sidan budsjett 2014 vore i ein krevjande økonomisk situasjon. Det blei teke alvorlege grep for 2015, men situasjonen er ytterlegare forverra og rådmannen gjorde framlegg om nedskjeringar i tenestetilbodet også for 2016. Den politiske handsaminga har vore prega av at ein ikkje ynskjer å gjera dramatiske kutt for framtida i 2016. Utfordringane har endra seg. Det er usikkerhet knytt til årsaken til stor, ledig kapasitet på sjukeheimsplassane både i Etne og Skånevik . Kommunestyret har vedteke prosess for å sjå på framtidige behov for eldreomsorga i Etne kommune. Samstundes ligg planane for nytt Etne omsorgssenter ute på anbod ut januar 2016.  Deler av eksisterande omsorgssenter er i dårleg stand.  Behovet for nybygg er stort. Kommunestyret vel å mellombels stengje 10 sjukeheimsplassar ved Etne omsorgssenter. Vedtaket krev ein ryddig og grundig prosess med dei tillitsvalde for å handtere konsekvensane for personalet. Grunna vakante stillingar og behov andre stader i kommunen, vonar ein å unngå oppseiingar, men det er for tidleg å vera heilt sikker. Etne kommune er i ein situasjon me ikkje har vore i før og ordføraren håpar at alle bidreg til ei så god løysing som mogeleg og at dei tilsette blir godt ivaretekne.

Budsjett 2016 inneheld mange små, gode løft for kyrkja, Røde Kors, Ingvar Moe- jubileum, uteområda på skulane m.m.. Skule og  barnehage er skjerma mot nedskjering. Eigedomsskatten blir ikkje auka slik det var lagt opp til. Det nye kommunestyret har hatt ein utfordrande start. Året  som kjem vil avklara fleire store spørsmål.

Etne kommune er ein god kommune å bu i. Etne kommune er ein god kulturkommune, ein festivalkommune, ein dugnadskommune, ein kommune der lag og organisasjonar og dugnadsånda blømer. Me er særs nøgde med nok ein gong å havna heilt i toppen på Kulturbarometeret samanlikna med andre kommunar i regionen. Kvar dag møter eg mange flotte menneske med eit stort engasjement for lokalsamfunnet. Dette må me ta vare på og utvikla vidare.

Etne kommune har tilsette som viser stort engasjement og har god kompetanse. Me som bur i kommunen møter dagleg deira innsats gjennom ulike tenestetilbod. Etne kommune får mykje ut av tenestene trass i ein svekka økonomi. Ei stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben de gjer for våre innbyggjarar. Ein spesiell takk til dei som må vere på jobb i julehelga.

God jul med ynskje om eit godt år for samarbeid  til alle i Etne kommune!

Siri Klokkerstuen
Ordførar

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut