Vinter 2012 058

Kjære kyrkjefolk

Det er 'kje noko stas med julefeiringa heller, nå lenger. Nå har alle oljekaminar og elektriske varmetrådar i tak og vegger, så dei veit ikkje kva for ei helg og høgtid som følgjer med det å hogga juleved. Nei, før, då hogg me juleved, då. Me stod der i skuten og knarta og hogg ifrå februar til langt ut i desember. Eit år måtte me byggja på huset for å få plass til den juleveden eg hogg.

Etterpå takka eg med hua i handa og bukka mest nakken or ledd for den femøringen eg fekk for jobben. Me var 'kje så kravstore før. Og det var gildt å komma på butikken med ein så stor peng i neven. Butikkmannen reiv av ein snippapose og fylte han med brystsukker og eple og karamellar og kamferklutar til å ha på brystet når me var forkjølte og bonger og sjokolade og to-tre brusflasker − ikkje literflasker, må du tru, me var fornøgde med så lite før. La han så eit par julenek på toppen av posen, var det ekstra gildt. Det var ikkje måte på kva me kunne få for ein femøring før.

Julenek måtte me ha. Det var fint å tenkja på småfuglane når det var jul. Og me var fornøgde med småfuglar då. Men eg hugsar ein gong me fekk besøk av ein sanktbernhards­hund i juleneket. «Sjå, der sit det ein sanktbernhardshund i juleneket,» sa me då.

Det var mykje meir stas med juleførebuingane på skulen òg, då eg var liten. Nå vil dei helst klippa englar og korger av papir som er farga på førehand. Nei, me, me hogg våre eigne julekort, me. Alle hadde med seg ei steinhelle hei­manfrå, og så sat me der og hogg inn julehelsingane våre. Det var det yngste runealfabetet me brukte i mi tid. «Glædelig Jul og Vælsignet Godt Nytt Aar» var teksten me brukte. Jentene, dei spøta ullunderbukser til negrane på Madagaskar og i Kamerun, så mykje dei skulle forstå det var jul, negrane og småjentene òg.

Det kunne henda at ikkje postmannen var ferdig med å dela ut julekorta våre før ut i mai, men så brukte dei sykkel, postmennene i den tida, ikkje automobil og trikk, sånn som nå.

Nå for tida er det mange som tykkjer dei må vaska seg kvar einaste dag. Me var 'kje så kravstore før. Me greidde oss med julebadet då. Men så var det nå stas òg, når mor fylte den store trestampen og sette han midt på stovegolvet. Me ungane hoppa oppi med det same, me, veit du, og mens me sat der og plaska, så kom far og mor oppi, og eit par gamle tanter som budde hos oss. Var det uår, hende det me inviterte nokre fattige naboar òg. Ja, også Blakken. Det var viktig å vera god med dyra før når det var jul, og du kan tru me ungane koste oss når Blakken kom opp i stampen til oss.

Etterpå støypte me julelys av fettet som flaut på vatnet i stampen.

Nå skal det helst vera juletre, nå. Men det hadde me ikkje råd til før. Så det blei til at me pynta stålampen med kuler og korger og glitter og flagg og stjerne i toppen. Så kveikte me lysa og tok kvarandre i hendene mens me gjekk rundt og song: «Så går vi rundt om en stå-å-lampé, stå-å-lampé.»

Størst stas var det når klokkene ringde helga inn. Då henta far julegrisen og hengde dombjeller på han. Og så kjørte me til kyrkja. Etterpå kjørte me heim igjen og slakta julegrisen.

Ja, så var det å sitja og kosa seg utover kvelden, då. Me hadde 'kje elektrisk TV då eg var liten. Mor fyrte oppunder før me reiste til kyrkja, og det begynte ikkje å gløda før i åttetida.

Så sat me der og koste oss, då, og såg på Børt Erik Thoresen − og kona hans − og søstera hans . . . Me var fornøgde med så lite før.

Julebrennevinet høyrde med. Men me ungane måtte 'kje få for mykje, det var viktig. Berre ei flaske kvar. Men så var me fornøgde med så mykje mindre før. Ikkje sånn som nå.

 

Frå Ingvar Moe: Kjære kyrkjefolk. Oslo 1981. Side 28-[31]. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut