Kandidatar til Kultur- og frivilligprisen 2018

Kultur- og frivilligprisen 2018_delt ut 05

I fjor fekk var Anne Lise Lien prisen for dugnadsinnsatsen for Etnemarknaden, Etne Samfunnshus/Skakke og på fleire andre arenaer. Kven fortener prisen i år?

2018-09-07

Veit du om nokon som gjer ein innsats utanom det vanlege innan kulturliv og frivillig arbeid i kommunen vår? Då håpar me du kjem med forslag på kandidat til Kultur- og frivilligprisen for 2018.

Prisen kan delast ut til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrka kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle planet. Personar busett i og utanfor kommunen kan komme i betraktning ved utdeling av prisen, for lag og organisasjonar gjeld at dei skal ha sin hovudaktivitet innafor Etne kommune. Fristen for å fremja forslag er 30. september.

Prisen blei delt ut første gong i 2012, og i tillegg til heider og ære får prisvinnaren diplom og gåvesjekk på 10.000 kroner. Verdige mottakarar har vore:
2012  Lars Olav Bergsvåg

2013  Endre Tjelmeland

2014  Alf Warloe Christophersen

2015  Hans J. Becker

2016  Nils Aasheim og Etne Skulekorps

2017 Anne Lise Lien

Statuttar og skjema for å fremja forslag på kandidat finn du her: https://www.etne.kommune.no/kulturpris.372713.nn.html

 

Tip a friendTips ein ven