Trening_kvit

KOLS-gruppe

Det er viktig å halde seg i form, også for deg som har ein kronisk lungesjukdom. Trening kan betre kondisjon, muskelstyrke og gi meir avspent muskulatur.

Ergo- og fysioterapitenesta skal starte opp med gruppetrening for brukarar med KOLS. Målet med treninga er å redusere kortpusthet, auka evnen til aktivitet og deltaking samt betre helserelatert livskvalitet. Treninga vil også fremje sekretmobilisering. Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt før og etter gruppestart.

 

Stad: Treningssalen i nye Etne omsorgssenter

Tid: Kvar tysdag og fredag kl. 12.30-13.30 (i 6 veker) frå og med veke 45 til og med veke 50.

Eigendel: Etter takst. Kr 173,- for fyrstegongsvurdering. Kr 97,- per gruppetime. Opp til ein har nådd taket for frikort eigendelstak 2, som er kr 2085,-.

Ta kontakt for meir informasjon/avtale tid for vurdering:

Jarle Nordtveit Åsheim - 41 52 89 54

Elisabeth Høiland - 95435324

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut