Planstrategibilde

Kommunal planstrategi Etne kommune 2016-2020

Etne kommune har gjennom planstrategien klargjort kva oppgåver kommunen skal starta opp, eller vidareføre, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. 

Strategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for å vurdera prioritering av planoppgåvene i  kommunestyreperioden. I følgje lovverket bør strategien innehalde ei drøfting av kommunanes strategiske val knytt til:
 

  • utviklingstrekk og utfordringar knytt til samfunn og miljø
  • langsiktig arealbruk som tek omsyn til samspelet mellom utbygging og vern
  • sektorane sitt planbehov
  • vurdering og prioritering av planoppgåver og behovet for revisjon av kommunale planar
     

Planstrategien for Etne kommune gir ei god innsikt i kommunen sine gjøremål for dei neste åra. Den seier noko om korleis kommunen må forhalde seg til nasjonale- forventingar og rettingsliner samt strategiar for utvikling for kvar einskild eining. Strategiarbeidet har resultert i ei planmatrise som gir oversikt over gjeldande planar, planar som skal utarbeidast og planar som har blitt fasa ut.

 

Kommunal planstrategi Etne kommune 2016-2020

Folkehelseoversikt Etne kommune

Statistikkgrunnlag Etne kommune

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut