![Langfoss_panorama[1]](https://img0.custompublish.com/getfile.php/4803010.1510.zwzjqbpanmlnbb/450x0/5941056_4803010.jpg)
Kommunal planstrategi Etne kommune 2020-2024
Etne kommune har gjennom planstrategien klargjort kva oppgåver kommunen skal starta opp, eller vidareføre, for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen.
Strategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for å vurdera prioritering av planoppgåvene i kommunestyreperioden. I følgje lovverket bør strategien innehalde ei drøfting av kommunanes strategiske val knytt til:
- utviklingstrekk og utfordringar knytt til samfunn og miljø
- langsiktig arealbruk som tek omsyn til samspelet mellom utbygging og vern
- sektorane sitt planbehov
- vurdering og prioritering av planoppgåver og behovet for revisjon av kommunale planar
Planstrategien for Etne kommune gir ei god innsikt i kommunen sine gjøremål for dei neste åra. Den seier noko om korleis kommunen må forhalde seg til nasjonale- forventingar og rettingsliner samt strategiar for utvikling for kvar einskild eining. Strategiarbeidet har resultert i ei planmatrise som gir oversikt over gjeldande planar, planar som skal utarbeidast og planar som har blitt fasa ut.
Kommunal planstrategi Etne kommune 2020-2024
Folkehelseoversikt Etne kommune
Statistikkgrunnlag Etne kommune