Fikse - Bakka

Kommunedelplan E 134 Fikse – Bakka

Forlenging av omsynssone bandlegging med 4 nye år frå 29.09.2019.

Bandleggingssona langs planlagt ny E 134 Fikse – Bakka er heimla i plan- og bygningslova § 11-8 d).
Sona er i snitt 50 m brei på kvar side av veglina, med nokre variasjonar nokre plassar, sjå vedlagt plan og føresegner.

Bandlegginga er etter PBL § 11-8 d) avgrensa til 4 år. Kommunedelplanen vart vedteke av Etne kommune 29.09.2015.
Kommunen må søkje styresmaktene om forlenging av bandleggingssona for 4 nye år. Dette må gjerast innan 29.09.19.
Politisk sak om søknad om forlenging  av bandleggingssona kjem opp i Etne formannskap 26.09.19.

Kommunedelplan-02-A1-29.09.2015.pdf

Etne planforesegner -vedtatt 29.09.15.pdf

Styresmaktene sine retningsliner i slike saker seier at berørte bør varslast om saka. Med dette vert berørte varsla.
Det vil diverre ikkje vere mogleg å gjere endringar i bandleggingssona i denne omgang. Ev. merknadar vil få si handsaming i samband med det pågåande arbeidet med kommuneplanens arealdel.
Frist for innspel 01.11.19. Sendast til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller til post@etne.kommune.no

Ta kontakt med rådgjevar plan og miljø Erik Kvalheim dersom spørsmål, telefon 53 75 82 21, e-post: erik.kvalheim@etne.kommune.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut