Kommunedirektøren:

Kommunestyret tilset sjølv ein kommunedirektør, som skal vera leiar av kommunen sin administrasjon. 

Kommunedirektøren er leiar av den samla kommunale administrasjonen, med dei unntak som fylgjer av lova, og innafor dei instruksar, retningslinjer eller pålegg kommunestyret eller fylkestinget gjev. 

Kommunedirektøren skal sjå til at saker som blir lagt fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreia. Utgreiinga skal gje eit faktisk og rettsleg grunnlag for vedtak. 

Kommunedirektøren skal sjå til at vedtak som blir gjort av folkevalde organ, blir sett i gong utan ugrunna opphald. Dersom kommunedirektøren blir merksam på faktiske eller rettslege forhold som har sentral betyding for iverksettinga av vedtaket, skal han eller ho gjera det folkevalde organet merksam på dette på ein eigna måte. 

Kommunedirektøren har møte- og talerett i alle kommunale folkevalde organ, med unntak av kontrollutvalet. Kommunedirektøren kan la ein av sine underordna utøva denne retten på sine vegne. 

Eit folkevald organ kan gje kommunedirektøren mynde til å treffa vedtak i saker som ikkje har prinsipiell verdi, dersom ikkje kommunestyret sjølv har bestemt noko anna. 

Kommunedirektøren har personalansvar for den einskilde, inkludert tilsetjing, oppseiing, suspensjon, avskjed og andre tenestlege reaksjonar, dersom ikkje noko anna er fastsett i lov.