IMG_6849

Kommuneplanen – kva meiner innbyggjarane i Etne kommune?

Kommunen har hatt tre folkemøte i samband med kommuneplan og kommunestruktur.
På folkemøta etterlyste kommunen innspel for korleis kommunen skal vere i framtida.

Interessekonfliktane knytt til arealdel og samfunnsdel er mange – kva skal ein prioritere og kvifor? Dette er noko kommuneplanen skal gi svar på.

Konkrete spørsmål ein kommuneplan kan ta opp kan vere om kommunen bør arbeide for å få fleire fastbuande/vere BU-kommune, om kommunen bør få fleire fritidsbustader, om kommunen bør satse meir på enkelte aldersgrupper osb., (t.d. barn og unge)?

Me har ikkje fått innspel til kommuneplanen på skulestruktur, eldreomsorg, kulturtilbod, folkehelse, næringsutvikling. Er dette fordi alt er velstand?

Om du i dag bur på ei fråskild tomt i LNF-område og ynskjer byggje, må du søke om dispensasjon – bør dette vere dispensasjonspliktig i framtida òg?

Vil du risikere at politikarar gjer prinsipielle val i kommuneplanen utan at du har sagt di meining? Når planframlegget, som innspela skal vere ein del av grunnlaget til, ligg 6 veker på høyring er det normalt ikkje rom for nye innspel, men vurdering av dei innspela som alt ligg inne.

Kommuneplanen er dykkar høve til å påverke utviklinga, mål og strategiar.
Ta utgangspunkt i den gjeldande kommuneplan, som de finn her: http://www.etne.kommune.no/kommuneplan.4726567-151775.html. Her ligg òg mal til innspel. Innspel som ikkje botnar i endring av gamal plan er òg velkomne. Det einaste kriteriet me set for innspela er at dei skal ha med eit av arbeidsområda til kommunen å gjere, sjå gjerne vedteke planprogram for ulike emne.

Minner om frist for å sende inn innspel til kommuneplanen, 12. april 2015.

Lurer du på korleis du kan sende inn ditt innspel, møt opp på biblioteket i Etne den 8. april  frå 1630-1830 eller i Skånevik den 9. april frå 1630-1830.

 

Ps. Kommuneplanen vil gjelde inn i ny kommunestruktur òg, heilt fram til nytt vedtak.

 

Kommunen minner om at endringane for kva du kan byggje utan å søke om løyve frå kommunen, frå 1. juli 2015, føreset at tiltaket ikkje er i strid med kommuneplan eller reguleringsplan, sjå: https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2015-03-08-206  .

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut