
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011
Du har røysterett dersom:
• Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan 31.desember 2011.
• Har stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei siste 3 åra før valdagen.
• Er statsborgar av eit anna nordisk land og er blitt folkeregistrert som busett i Noreg seinast 31.juni valåret.
• Du ikkje har mista røysteretten din etter Grunnlova § 53.
• Du bur i utlandet men tidlegare har vore folkeregistrert som busett i Noreg.
• Du er tilsett i diplomatiet eller konsulatvesenet. Det same gjeld for dei i din husstand som er over 18 år.
Manntalet for Etne kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på Tenestetorget på Tinghuset. Du kan ta kontakt på telefon 53 75 80 00 for å høyra om du står i manntalet.
Kvar og kva tid kan du røyste:
I Etne kommune er det 5 røystekrinsar. I kvar av desse røystekrinsane er det røystelokale på valdagen 12.september.
Røtstekrins: Vallokale: Tidspunkt for val:
Etnesjøen Etne kulturhus kl 09:00 – kl 20:00
Skånevik Skånevik skule kl 09:00 – kl 20:00
Rygg Rygg skule kl 15:00 – kl 20:00
Sævareid Sævareid skule kl 15:00 – kl 20:00
Fjæra Fjæra skule kl 15:00 – kl 20:00