Konfliktrådet logo

Konfliktrådet – gjev gratis teneste til innbyggarane om mekling i konfliktråd.

Skjema til bruk ved melding om sivil sak.

Kommunane sine servicekontor / tenestetorg vert jamleg oppsøkt av innbyggjarane om konfliktar og uoverenstemmelsar dei er råka av i kommunen der dei bur. Ikkje alltid er dette saker som kommunens eigne sakshandsamare kan hjelpa dei med. Dei involverte partar treng likevel hjelp til å freista løysa uoverenstemmelsen dei står i.
Konfliktrådet er ei statleg og gratis teneste. Nokre innbyggarar kan de visa direkte vidare til Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland ved besøksadressa vår, gje vårt telefonnummer eller mailadressa. Andre innbyggjarar treng at tenesteytarar i kommunen aktivt hjelper dei med å nedteikna problemet dei kjem med og skipar ei melding til Konfliktrådet. Kommunens tesette er alltid velkomne til å kontakta oss for rettleiing.

Konfliktrådet har eit skjema for å melda denne type sivile saker. Konfliktrådet set pris på om skjemaet vert nytta i slike høve. Skjemaet ligg på heimesida vår, og me ynskjer å gjera skjemaet lettare tilgjengeleg for samarbeidspartar ved å tilby at de finn det på eige intranett som ei elekronisk fil. Alternativt at det på kommunens eigne heimesider er ein link til Konfliktrådets heimeside der skjemaet ligg.

Vedlegg link til heimesida for Haugaland og Sunnhordland.
Link til skjema

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut