Turbilde

Konkurranse om beste turbilete frå regionen

2015 er friluftslivets år og i det høve ønskjer Samarbeidsrådet for Sunnhordland å invitera til ein konkurranse der ein skal kåra årets beste turbilete i Sunnhordland.

Samarbeidsrådet ønskjer å kåra ein vinnar i kvartalet som går vidare og kan verta kåra til årets bilete.

 

Vinnar vil verta kontakta og vinnarbilete vil verta annonsert på nettsidene til Samarbeidsrådet og kommunane. Bilete vil og verta sendt til avisene i regionen, der vinnar vert offentleggjort.

 

KÅRING AV VINNARANE

Vinnar av beste bilete for januar, februar og mars vert annonsert innan 15. april

Vinnar av beste bilete for april, mai og juni bilete vert annonsert innan 15. juli

Vinnar av beste bilete for juli, august og september bilete vert annonsert innan 15. oktober

Vinnar av beste bilete for oktober, november og desember vert annonsert innan 15. januar 2016

Vinnar av ÅRETS BILETE vert annonsert innan 15. januar 2016

 

Meir informasjon for å delta kan du lesa meir om her.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut